Skattelette for fagorganiserte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa vil auke skattefrådraget for fagorganiserte med 450 kroner neste år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): For dei fleire hundre tusen medlemmane i LO utgjer dette ei skattelette på 100 millionar kroner.

Dermed får LO-leiar Gerd-Liv Valla betalt for støtta si til den raudgrøne regjeringa, skriv Dagsavisen.

Organiserte i andre fagorganisasjonar får også auka frådrag, slik at prislappen totalt vert 190 millionar kroner.

LO-leiaren har tidlegare kravd at heile fagforeiningskontingenten bør trekkjast frå på skatten. Stoltenberg har lovt å doble frådraget innan fire år.

I budsjettet for i år innfridde dei raudgrøne ein firedel av løftet, og auke frådraget med 450 kroner. Ein tilsvarande auke kjem altså i budsjettet for neste år, som vert lagt fram i neste veke. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving