Mennene styrer kommune-Noreg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er mennene som i dag har makta i kommune-Noreg. No hastar det med å få kvinnene inn på listene til kommune- og fylkestingvalet neste år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Åslaug Haga tar grep for å få kvinner til å delta i lokalpolitikken. (Foto: Kari Mathilde Hestad)Åslaug Haga tar grep for å få kvinner til å delta i lokalpolitikken. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

Målet er fleire kvinner inn i kommunestyra. Det er i desse tider nominasjonskomiteane set opp listene for valet neste haust. Skal kvinnene kome med, må det handlast no. Men oppslutninga var ikkje stor då Åslaug Haga i går inviterte leiarane i dei politiske partia til motivasjonsmøte. Ikkje ein gong likestillingsminister Karita Bekkemellem møtte opp då kommunalministeren tok initativ til å diskutere tiltak for korleis ein kan auke kvinnerepresentasjonen i sentrale lokalpolitiske verv.

Kvinner er listefyll


Kun 17 prosent av ordførarane i dette landet er kvinner og den gjennomsnittlege kvinneandelen i kommunestyra ligg fast på 35 prosent. Dette var tal Åslaug Haga presenterte på møtet i går. Skal fleire kvinner inn i dei sentrale verva, må dei inn på toppen av vallistene. Det held ikkje med 50/50-fordeling kvinner og menn, om kvinnenamna endar som listefyll på botn.

Men kva er det som er årsaka til at så få kvinner sit i toppleiarverv i kommunane? Handlar det om manglande engasjement, vegrar dei seg for å delta i lokalpolitikken? Ifølgje kommunalministeren er årsaka først og fremst kvinnenes familieansvar. Barnepass og omsorgsopppgåver kan vere vanskelege å kombinere med lokalpolitikk, noko som kan vere grunnen til at kvinner unngår å ta på seg tidkrevjande politiske verv. Tiltaket som Haga presenterte på gårsdagens møte gjekk ut på å velje ut 5-10 kommunar - som Kommunal- og regionaldepartementet vil bruke inntil 20 millioner kroner på - til å prøve ulike ordningar i neste kommunestyreperiode: barnepass, særordningar med arbeidsgivarar som støttar lokalpolitisk arbeid hos arbeidstakarane, flytting av møtetidspunkt til dagtid, bygging av kvinnenettverk og bruk av mentorar er nokre av forslaga til Haga. Desse grepa skal gjere det enklare og meir attraktivt for kvinner å delta i lokalpolitikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Motstand mot kvotering


Men kva om det ikkje er først og fremst familieansvar og dårleg tid som er problemet, slik Haga ser ut til å meine? Kva om det rett og slett er slik at kvinner ikkje slepp til i lokalpolitikken?

Nominasjonskomiteane, som set opp vallistene hos dei ulike politiske partia, består nemleg hovudsakleg av menn. Og at menn vel menn er ei velkjend sak.

Det er heller ikkje slik at alle nødvendigvis ser det som ei nødvendig oppgåve å oppnå lik fordeling av kvinner og menn i politikken. Sidan det ikkje eksisterer nokre reglar om kjønnsrepresentasjon foran vala i dag, er det opp til partia sjølve å ta ansvar for kvinnerepresentasjonen. Men langt frå alle dei politiske partia har kvoteringsreglar. Haldningane til kvotering som verkemiddel varierer stort. Det er dei partia som er utan, som Frp, som har lågast kvinnerepresentasjon. Partileiar Siv Jensen er som kjend motstandar av alt som smakar av kjønnskvotering, ho ser heller ikkje nytta av å ha ein likestillingslov eller eit likestillingsombod. Men heller ikkje Høgre, som er for kvotering i mange andre samanhengar, nyttar seg av kvotering i eige parti. Dette blir gjenspegla i vallistene: Ifølgje samfunnsforskar Hege Skeie har kvoteringspartiet SV 51 prosent kvinner representerte på sine lister, medan Høgre har 31 prosent og Frp fattige 25 prosent.

Skal ein vente på at tala jamnar seg ut av seg sjølve, kan ein vente evig. Det vil ta lang tid før kvinner slepp til like lett som menn i politiske samanhengar. Av den grunn bør kjønnskvotering bli eit mykje meir nytta verkemiddel enn det er i dag. For problemet med manglande kvinner i lokalpolitikken handlar ikkje først og fremst om at ein vil få betre avgjersler om kvinner er med, eller at sosial- og omsorgssektoren vil bli styrka, slik Haga antyda i går. Det er først og fremst eit demokratisk problem at kvinner ikkje har maktposisjonar. Om det berre sit menn i ordførarseta rundt om i kommunane, eller om mannsdominansen blir så stor som den er i til dømes Frp, så er det snakk om ein kjønnsubalanse der halvparten av Noregs befolkning ikkje er representerte der politiske avgjersler blir fatta. Og det er eit problem.