Dumme jenter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein sak om krig og fred og religion og politikk og sånn...

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tonje Elise Skjærvik er Noreg sitt håp i Miss World-finalen. (Foto: Miss World 2006 - The Official Website)Tonje Elise Skjærvik er Noreg sitt håp i Miss World-finalen. (Foto: Miss World 2006 - The Official Website)

Laurdag er det atter ein gong duka for verdas største fesjå: Finalen i Miss World , som i år blir arrangert i Warszawa i Polen. Til saman 104 ungjenter skal glitre og posere i bikini og aftenkjolar, dei skal smile med store munnar og kritkvite tenner skal lyse mot dommarar og millionar av tv-sjåarar verda over. Tonje Elise Skjærvik (18) frå Sør-Trøndelag representerer Noreg i årets finale. Til Adresseavisa seier missen at ho håpar ingen ser ho berre som eit sexsymbol.
Eg beklager å måtte seie det, Tonje Elise, men det toget er nok allereie i Vladivostok.

Glitter og glamour og dydige jenter


Finst det noko meir fornedrane enn synet av usikre, blyge syttenåringar som ustøtt vaklar over podiet, iført bikini og høghæla sko? For uansett kva ein meiner om missekåringar, er det ikkje til å kome unna at det her er snakk om tingliggjering av kvinner par excellance - sjølve kroneksemplet på korleis kvinna blir redusert til kropp og mannen fell inn i den akk så tradisjonelle rolla som iakttakar: den som ser og vurderer kvaliteten på kjøttstykka. Dei jentene som taklar sirkuset best, kan vere så «heldige» å bli sendt vidare til utlandet på større show: amerikaniserte orgiar i glitrande paljetter, falske augevipper, pudder, puppetape og kreative håroppsatsar. Og over heile stasen kviler ein hyklerisk dobbeltmoral: Jentene må gjerne vise fram pupper og lår og medvite spele på sex, men dei skal likevel ha eit image som «uskuldsreine» og jomfruelege. Slik kan mennene dei poserer for oppretthalde fantasibiletet av kvinna som hore og madonna. Det var brotet med dette idealet som gjorde at glamour-modell Aylar Lie blei vraka frå Frøken Norge-finalen i 2004, då det kom fram at ho hadde ei fortid i pornobransjen. For her slepp berre sømelege og anstendige jenter til, må vite!


Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Puppebileter aukar vinnarsjansen


Men sjølvsagt, det skadar ikkje å vise litt pupp på førehand. Er missen så framsynt at nokre pikante topplaus-bilete kjem på avvege i verdspressa i forkant av finalen, aukar vinnarsjansane hennar betrakteleg, skriv Dagbladet. Ifølgje sjølvsame avis skal det nettopp ha vore mangel på slike puppebilete som gjorde at det norske håpet i Miss Universe, Martine Jonassen, ikkje fekk noko heldig plassering i årets finale. Vi får håpe at neste års missekandidat tek lærdom av fadesen!

Miss Venezuela blir rekna som favoritt i årets konkurranse. Ho har allereie blitt kåra til «miss bikini», noko som sikrar ho plass i semifinalen. (Foto: Miss World 2006 - The Official Website)Miss Venezuela blir rekna som favoritt i årets konkurranse. Ho har allereie blitt kåra til «miss bikini», noko som sikrar ho plass i semifinalen. (Foto: Miss World 2006 - The Official Website)

Plastiske operasjonar er derimot tillatne - berre det ikkje blir for mykje mas om dei i pressa i etterkant. Arrangørane vil helst oppretthalde illusjonen om at det her er snakk om heilt naturlege, friske og ekte jenter. Likevel kunne fjorårets norske kandidat i Miss Universe, Helene Tråsavik, fortelje til Side 2 at heile elleve jenter av topp femten i finalen det året var opererte. I 1997 mista til dømes Minorca Mercado Miss World-tittelen då det viste seg at ho hadde tatt over tjue plastiske operasjonar. Også Miss World 2004, peruanske Maria Julia Mantilla Garcia, stod i fare for å bli kasta av trona då plastikkirurgen hennar gjekk ut i media og hevda missen var «skreddarsydd på operasjonsbordet». Høyrde eg nokon seie Frankenstein?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fortvilande kroppsfiksering


Dette året kan norske tv-sjåarar berre sjå Miss World-finalen om dei har tilgong på kabel-tv kanalen Star. Vi får håpe det er eit teikn på at missekåringane har dalande popularitet. For det verste med desse skjønnheitskonkurransane, er det fordummande idealet dei sender ut til alle unge jenter. I ei tid då kroppsfikseringa i Vesten nærmar seg det fanatiske, er slike framsyningar av «perfekte» kvinner med på å forsterke hysteriet rundt kropp og utsjånad som kulturen vår er prega av. Å vere vakker er i dag ein fulltidsjobb for mange kvinner, og stadig fleire tenåringsjenter vel å bruke store delar av fritida si på å beundre, eventuelt bekymre seg over sitt eige spegelbilete. Når ein tenkjer over alt det fantastiske som vi menneske er i stand til å gjere med liva våre, på alt det flotte vi kan skape med hendene, så er tanken på all den unyttige tida kvinner kvar dag brukar på å flikke på kropp og utsjånad nærmast til å grine av.

Nei, jenter; bruk heller dagane på å lese dikt. Lær deg origami eller akvarellmåling, studer tysk, biologi eller historie, spel bassgitar og dann eit jenteband, gå tur i fjellet, sett deg inn i kvantefysikk eller Midtausten-konflikta, plukk blåbær i skogen og lær deg å sykle utan å ha hendene på styret. Men ikkje bruk tida på å bli ei miss.