Over 80 personar evakuerte i brann i Oslo

Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 80 personar blei evakuerte då det braut ut brann i ei blokk i Lovisenberggata i Oslo natt til torsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Først blei 56 personar evakuerte frå blokka, som framleis brenn. På grunn av den kraftige røykutviklinga blei også drygt 30 personar frå ein oppgang i naboblokka evakuerte, opplyser politiet. Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg til denne blokka.

- Brannen starta truleg i ei leilegheit i fjerde etasje, og flammane spreidde seg opp på taket. Det brenn framleis, sa operasjonsleiar Bjørn Ølstad i Oslo politidistrikt til NTB klokka 06.45 torsdag morgon.

Brannvesenet er på staden og prøver å få kontroll over flammane. Politiet har ikkje fått meldingar om skadde eller sakna.

Ei kvinne blei køyrd til Lovisenberg Diakonale Sykehus, som ligg like i nærleiken.

- Ho har fått i seg litt røyk, men det skal ikkje vere alvorleg, seier Ølstad. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving