Status for nynorsken

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Legar, ingeniørar og datafolk oppfører seg altfor ofte som ein språkleg elite som trur dei kan gjere som dei vil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Legar, ingeniørar og datafolk oppfører seg altfor ofte som ein språkleg elite som trur dei kan gjere som dei vil, sa direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum då han onsdag for sjette gong heldt årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur. (Foto: Aaasentunet, NPK)– Legar, ingeniørar og datafolk oppfører seg altfor ofte som ein språkleg elite som trur dei kan gjere som dei vil, sa direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum då han onsdag for sjette gong heldt årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur. (Foto: Aaasentunet, NPK)

Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor
- I kvar sjette nynorskkommune er det avdelingar eller yrkesgrupper som ikkje følgjer gjeldande vedtak om administrasjonsspråket i kommunane. Det sa direktør Ottar Grepstad i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur onsdag.

I talen la han blant anna fram resultata frå ei spørjeundersøking om den faktiske språkbruken i alle dei 114 nynorskkommunane. Berre éin svara at dei hadde vedteke å la enkelte avdelingar bruke bokmål medan resten av dei tilsette skal bruke nynorsk.

-Uheldige særrettar


- Då Stortinget vedtok den første mållova i 1930, blei lova forma slik at den i praksis ikkje gjaldt for leiarane i statsforvaltninga. Berre dei siste tretti åra har vi hatt ei mållov som gjeld for alle. Då er det svært uheldig at nokre av dei best betalte og best utdanna yrkesgruppene får slike særrettar, sa Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Særleg i Rogaland seier mange kommunar at medarbeidarar som er for dårlege i nynorsk, får gjere som dei vil. Alle kan heile tida bli betre i språk. Viss det er slik at dei som passerer det krevjande legestudiet, ikkje maktar å lære seg nynorsk, må ryktet om legars visdom vere kraftig overdrive, sa Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lita endring i tenestemål


Undersøkinga er gjennomført av Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Svara syner at kommune-Noreg endrar seg lite språkleg. Så mykje som tre av ti gjeldande vedtak om tenestemål er frå før 1950. Kvar fjerde kommune har framleis nynorsk som tenestemål. Det siste tiåret har likevel ti nynorskkommunar handsama framlegg om å endre tenestemålet frå nynorsk til nøytralitet. Halvparten av desse finn vi i Rogaland.

- Her og no kan det vere positivt at det jamt over er ro om det kommunale språkspørsmålet, men det inneber også at lokalpolitikarane har lite røynsle med å drøfte slike språkpolitiske spørsmål. I ein gitt politisk situasjon kan det slå uheldig ut, meiner Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Misnøgde med staten


35 prosent av nynorskkommunane seier dei ikkje er nøgde med måten statleg forvaltning praktiserer mållova på, sa Grepstad.

- Kommunane er like misnøgde no som for 25 år sidan. I 1981 svara 40 prosent av nynorskkommunane at statsorgan sjeldan etterlevde målønsket deira. På dette punktet er nynorskkommunane på Austlandet meir kritiske til staten enn vestlandskommunane er. I vest er det kommunane i Sogn og Fjordane som er mest kritiske.

- Viss ikkje kommunane stiller dei same krava til sine leiarar som staten no gjer til sine, har det lita interesse at kommunane er misnøgde med statens oppfølging av mållova, sa Ottar Grepstad i årstalen sin i Ivar Aasen-tunet.

Det er sjette gongen direktøren i Nynorsk kultursentrum gjer opp status på denne måten.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving