Auke av gjengvaldtekter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste fire åra er talet på gjengvaldtekter dobla, går det fram av statistikk frå Riksadvokaten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dei fleste valdtektene med meir enn ein overgripar skjer i dei store byane.

Sjokktrenden viser at for stadig fleire høyrer sex og vald saman
Ein reduksjon av gjengvaldtektene krev ei haldningsendring.

- Det må bli snakka om grenser og om at seksualitet ikkje er det same som vald og at dei to tinga ikkje heng saman, seier leiar for Senter mot Incest og Seksuelle overgrep, Bente Bartz-Johannessen til P4.

Fire av ti valdtektssaker endar med frifinning. Statsadvokat Bjørn Soknes leiar eit utval som jobbar med tiltak som gjer det vanskelegare for overgriparen å gå fri.

- Politiet må prøve å sikre bevisa litt betre enn det har vore tilfelle til no. I tillegg må sakene raskare opp for domstolen, seier Soknes.

Talet på gjengvaldtekter der Riksadvokaten tok ut tiltale var sju i 2002, i fjor var talet 17 og talet held fram med å stige.

- Mørketala er høge. Også gutar vert utsette for gjengvaldtekt. Problemet er at dei ikkje vågar å melde forholdet til politiet fordi dei er redde for å miste prestisje, seier Bartz-Johannessen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving