Polititabbe i terrorsaka

Dei fire som er sikta for planlagt terror mot ambassadane til USA og Israel i Oslo blei varetektsfengsla med brev- og besøkskontroll.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: ringerikefengsel.no)(Foto: ringerikefengsel.no)

(NPK): Men ein tabbe gjer at dei kan snakke uhindra med dei andre innsette i fengsla.

Ein glipp gjorde at politiet ikkje også kravde isolasjon ved fengslinga. Dermed kan dei fire sikta gi sensitiv informasjon ut av fengselet via andre innsette.

Leiaren av Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen reagerer med vantru på at dei terrorsikta ikkje blei kravd isolert under vareteken.

- Dette er svært overraskande. I denne saka må noko eller nokon ha svikta. Om ein i det heile skal krevje isolasjon under varetekt så må det jo vere i saker som gjelder rikets tryggleik og der siktinga er så alvorleg som i dette tilfellet, seier Johannessen til Dagsavisen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus