420 flaggermus i taket

Ein koloni med dvergflaggermus har slått seg ned i eit gammalt hus i Sveio i Hordaland. Der ser dei ut til å trivast godt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dvergflaggermus er veldig små, og kanskje kan dei kallast søte. Men når ein plutseleg har hundrevis av dei på besøk over lengre tid, kan det nok gå ein litt på nervane. (Foto: fledermausschutz.de)Dvergflaggermus er veldig små, og kanskje kan dei kallast søte. Men når ein plutseleg har hundrevis av dei på besøk over lengre tid, kan det nok gå ein litt på nervane. (Foto: fledermausschutz.de)

Fullt så bra står det ikkje til med menneska som budde i huset frå før. Familien, som ikkje vil stå fram med namn, har måtta evakuere andreetasjen grunna stram lukt og mykje bråk.


Leven


- Dei kjem kravlande ut av taket i hundretals i skumringa, nesten som fallskjermhopparar. Så flyg dei og jaktar på insekt, før dei kjem tilbake i løpet av natta og lagar eit forferdeleg leven, seier mor i huset til

Haugesunds Avis

.

Fylkesmannen si miljøvernavdeling fortel at dei kjenner til to hus i fylket som er invadert av flaggermus no. Problemet er at flaggermusene er freda, og dermed ikkje kan utryddast.


Freda


- Flaggermusene er freda, men går sjølvsagt ikkje framfor menneske. Ein kan gi disposisjon til å utrydde dei, men vi vil unngå det i det lengste, seier naturforvaltar Stein Byrkjeland hos Fylkesmannen til avisa.

Han håpar at flaggermysene vil trekkje til sørlegare strøk for vinteren. Det er nemleg ikkje vanleg at dei overvintrar så langt nord.


Tette hol


Dersom gjestene forsvinn for vinteren, bør familien bruke tida mens dei er borte til å skifte tak og tette alle hol, meiner Byrkjeland. Dvergflaggermus treng berre ei opning på 1 x 0,7 cm for å kome seg inn. Dessverre finst det ingen støtteordningar for huseigarar som er invadert av flaggermus, men kanskje kan dei få noko sidan huset er gammalt og verneverdig.


Nyttedyr


Flaggermusene er nyttedyr som et store mengder insekt, minner naturforvaltaren om. Slik er det fare for å gjere skade på den lokale balansen i naturen viss ein skulle drepe flaggermysene.

Samtidig har han sjølvsagt forståing for at familien føler seg invadert og plaga av dei 420 små gjestene.

Kjelde:

Les meir om flaggermus på nettet:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus