Trådlause Trondheim

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trådlause Trondheim opna i dag, som ein av dei første trådlause byane i Europa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Førebels er det berre elevar og tilsette ved universitetet og tilsette i kommunen og fylkeskommunen som har tilgang til det trådlause nettet.

Slike basestasjonar står rundt om i Trondheim for å gjere byen trådlaus. Arne Sølvberg (t.v.) er styreleiar og Thomas Jelle er dagleg leiar i Trådløse Trondheim AS. (Foto: Foto: Gorm Kallestad/NTNU Info.)Slike basestasjonar står rundt om i Trondheim for å gjere byen trådlaus. Arne Sølvberg (t.v.) er styreleiar og Thomas Jelle er dagleg leiar i Trådløse Trondheim AS. (Foto: Foto: Gorm Kallestad/NTNU Info.)


- Det er ein plass mellom 40 og 50 000 brukarar, seier dagleg leiar i Trådløse Trondheim AS, Thomas Jelle. - Men innan jul skal resten av byen også vere trådlaus.

Jelle understrekar at det nok ikkje blir dekning i absolutt heile kommunen. - Du må opphalde deg i sjølve bykjernen, i midtbyen, Bakklandet og Nedre Elvehavn.

Trønderske prøvekaninar


Trådlause Trondheim er eit forskingsprosjekt ved Noregs Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet (NTNU). Bak prosjektet står, utanom NTNU, Sparebank 1 Midt-Norge, Sør-Trøndelag fylke og Trondheim kommune.

Thomas Jelle seier til Neste Klikk at dette har opna for ei rekkje forskingsprosjekt hjå NTNU, og at trønderane og andre brukarar blir ein del av denne forskinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trondheim i front


Sjølve opninga av Trådlause Trondheim gjekk føre seg på Trondheim torg i dag klokka 12, med talar, frantidsvyar og underhaldning.
- Me ønskjer å demonstrere kva tekniske tenester folk kan forvente over tid, seier Jelle og ramsar opp: e-Papir, TV på mobil, ip-telefoni over mobil…

Så langt er det ikkje så mange europeiske byar som er trådlause.
- Eg kjem berre på London i farta, men eg veit det er andre og, fortel Jelle. - I USA er dei komne langt på dette området.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge og viljuge


Kva kvalitetar Trondheim har som gjer byen eigna til å vere ein føregangsby, spekulerer han gjerne i.

- Det sjølvsagte er jo at me har universitetet og mange forskarar som kan dra nytte av dette prosjektet. Ut over det har Trondheim ei veldig ung befolkning, ein fjerdedel av innbyggjarane her er studentar.

Jelle seier studentane og dei unge er det som kallast early adopters, og forklarar: - Dei er viljuge til å prøve ut nye ting, og tar til seg ny teknologi fort.

Dessutan held han fram den tette bykjernen til trønderhovudstaden som gjer at det er relativt enkelt å byggje ut eit trådlaust nettverk.

Meir i Neste Klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving