Muggsopp og støv fremjer allergi

Artikkelen fortsetter under annonsen

Muggsopp i fuktplaga hus, kombinert med allergifremjande allergen frå til dømes hund, katt og støvmidd, ser ut til å fremja utvikling av allergi og kanskje astma hos dei som er disponerte for det.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det viser eit doktorgradsarbeid som Christine Instanes har utført ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Forsøk med mus viste at allergennivået frå hund og katt i støv frå barnehagar og skular i Oslo i mange tilfelle er høge nok til å kunne vera årsaka til og forverre allergisk sjukdom.

I klasserom der mange av elevane hadde kjæledyr heime, var det ein tendens til at nivået av allergen var høgare enn i klasserom med få hunde- og katteeigarar. Instanes seier at det ser ut til å vera vanskeleg for allergisk disponerte barn å unngå å bli utsett for allergen i kvardagen sin, men tilrår at barn som er plaga av allergi blir plasserte i grupper eller klassar der det er færrast mogleg barn som har kjæledyr heime.

I barnehagane vart det også funne mykje allergen i madrassane som barna kviler på. Enten bør madrassane reingjerast oftare, eller det bør oftare kjøpast nye i dei tilfelle det er barn i barnehagen som er plaga av allergiar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving