Rallarvegen ei gullgruve for næringslivet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den gamle anleggsvegen langs Bergensbanen har vorte ei gullgruve for næringslivet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): I år tek om lag 20.000 syklistar turen over fjellet på den 100 år gamle vegen. Dei legg att 50 millionar kroner langs ruta.

Rallarvegen stadfestar posisjonen sin som landets mest populære sykkelrute, melder Jernbaneverket.

- Årets sesong er blant dei beste, og vi kom tidleg i gang i år, fortel styrar ved Rallarmuseet på Finse, Steinar Skår.

- Ikkje sidan først på 1990-talet har så mange sykla Rallarvegen. Vi reknar med at rekorden frå tidleg på 1990-talet ligg på 25.000 syklistar, men då var sykkelkapasiteten på toga større også, legg han til. Dei siste åra har sykkeltrafikken stabilisert seg på mellom 15.000 og 20.000 syklistar årleg, avhengig av vêr- og føretilhøva.

NRK Laurdagsrevyen har laga eit reknestykke som syner at syklistane på Rallarvegen legg att 50 millionar kroner til saman langs ruta, og at dei såleis er ei gullgruve for reiselivet i kommunane Hol, Ulvik og Aurland.

Jernbaneverket eig Rallarvegen og vil starta opp med noko vedlikehald på vegen i haust. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving