- Elleve båtar senka i sjøslag utanfor Sri Lanka

Sri Lankas marine har senka elleve av båtane til LTTE-geriljaen og drepe rundt 70 geriljasoldatar, ifølgje myndigheitene på øya.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Elleve av Tamiltigrane (Liberation Tigers of Tamil Eelam, LTTE) sine båtar vart senka i eit sjøslag utanfor Sri Lanka. (Foto: ibnlive.com)Elleve av Tamiltigrane (Liberation Tigers of Tamil Eelam, LTTE) sine båtar vart senka i eit sjøslag utanfor Sri Lanka. (Foto: ibnlive.com)

Colombo (NTB-Reuters): Sjøslaget kjem vel to veker etter at partane i konflikten blei samde om å gjenoppta fredssamtalane for å stanse borgarkrigen som nå er i gang igjen.

- Det var 25 av Sjøtigrane sine båtar som segla sørover. Elleve båtar blei senka, og rundt 70 geriljamedlemer blei drepne, seier Percy Perera ved Senteret for nasjonal tryggleik på Sri Lanka.

Han seier fem marinegastar blei såra i samanstøytet, og at ein av de øvste leiarane for LTTEs sjøstyrkar truleg blei drepne eller såra.

Slaget fann stad rundt 8 mil nord for Trincomalee, nordaust på Sri Lanka. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus