SV-vedtak kan bli regjeringspolitikk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mykje tyder på at løysinga til Sosialistisk Venstreparti om CO₂-reinsing av gasskraft kan bli politikken til regjeringa. Både LO og miljørørsla er positive, skriv Dagsavisen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):Landsstyret til SV vil ikkje krevje CO₂-reinsing frå dag ein for gasskraftverket på Mongstad. Men partiet vil gjere det slik at Statoil ikkje slepp unna å byggje reinseanlegg.

- Vi slår veldig klart fast at nye gasskraftverk skal ha CO₂-reinsing. På Mongstad må Statoil planleggje, investere i og byggje ut reinseanlegg parallelt med sjølve gasskraftverket. Dette er heilt i tråd med Soria Moria, slår SV-leiar Kristin Halvorsen fast.

Reaksjonane frå dei raudgrøne energi- og miljøpolitikarane på Stortinget tyder på at det er gode moglegheiter for at SV kan få gjennomslag i regjeringa når dei no går vekk frå kravet om reinsing frå dag ein.

Miljørørsla er positive til SV-løysinga.

- Det er eit godt vedtak. No er det viktig å få med Sp og Ap på å stille så trenge krav til Statoil, slik at dei ikkje slepp unna å byggje eit reinseanlegg, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

LO har kjempa for at Mongstad skal setjast i drift sjølv om reinsing ikkje er på plass. No helsar også LO-leiar Gerd-Liv Valla SV-vedtaket velkomen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving