Vil effektivisere straffeprosessen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Justisminister Knut Storberget (Ap) vil at kriminelle skal bli raskare dømt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Han har derfor gjort framlegg om at juryordninga skal bli både kraftig redusert og valfri.

Justisdepartementet legg no fram ein plan som vil føre til store endringar i heile jurysystemet. Det mest omfattande forslaget er å heve terskelen for kva saker som skal handsamast med jury, skriv Aftenposten. Forslaget kan føre til ei halvering. I dag er det rundt 300 jurysaker i året.

Lovforslaget som gir tiltalte rett til å sjølv å kunne velje om han eller ho i det heile vil ha ein jury, er også radikalt.

Bakgrunnen for forslaget er først og fremst at jury er ei tids- og ressurskrevjande behandlingsform. Å effektivisere straffeprosessen er noko av det viktigaste vi kan gjere, slik at vegen frå lovbrot til straffereaksjon er så kort som mogleg. Dette er til det beste for både gjerningsmannen og offer, og viktigare enn at reaksjonen er streng, seier Storberget til avisa.

Grunnen til at juryordninga er dyr er at domstolane må kalle inn mellom 16 og 18 jurymedlemmer, ofte over lange avstandar. Det fører til lønskompensasjon, overnatting, diett og reisekostnader. Alternativet til jury er såkalla meddomsrett, der dei tre fagdommarane sit saman med fire lekfolk.

For å få fleire til å tilstå, skal aktor få lov å gi eit bindane løfte om maksimalstraff i rettssaka, heiter det også i forslaget frå justisministeren. Løftet skal også vere bindande for domstolen. I dag kan aktor lokke sikta med at domstolane normalt gir strafferabatt ved tilståing utan attarhald.
Forslaga frå justisminister Knut Storberget skal no ut på høyring. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving