Stoltenberg ser fram til samarbeid med Reinfeldt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) takkar Göran Persson for samarbeid i mange år, men reknar med å få eit godt forhold også til den nye svenske regjeringa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredrik Reinfeldt frå Moderaterna er leiar av den nye regjeringsalliansen, Allians for Sverige. (Foto: moderaterna.net)Fredrik Reinfeldt frå Moderaterna er leiar av den nye regjeringsalliansen, Allians for Sverige. (Foto: moderaterna.net)

New York (NTB): - Eg ser fram til å samarbeide med ei ny svensk regjering og ein ny svensk statsminister. Noreg og Sverige har alltid hatt nære relasjonar, og det er eg sikker på at vi også kjem til få med den nye svenske regjeringa, sa Stoltenberg til NTB natt til måndag.

Då var det klart at den borgarlege alliansen under leiing av Fredrik Reinfeldt går av med sigeren i valet i Sverige, og at statsminister Göran Persson trekkjer seg.

Stoltenberg ønsker ikkje å seie for mykje om kva som kan ha ført til dei svenske sosialdemokratane sitt valnederlag, men peikar på at Persson har sete lenge ved makta.

- I vår tid er ti år ein lang periode. Då vil det ofte bli eit ønske om eit skifte for skiftets skuld, seier Stoltenberg.

Den norske statsministeren meiner Göran Persson kan vere stolt over det han har vore med på skape i Sverige i løpet av åra han har sete ved makta. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving