Støttar ikkje Reinfeldt

Feministisk initiativ fekk ikkje plass i Svenska Riksdagen. Dei vil heller ikkje støtte den nye regjeringa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Feministisk initiativ (Fi) vart formelt stifta våren 2005 og same haust bestemte partiet seg for å stille til val i 2006.

Gudrun Schyman og Feministisk initiativ nådde ikkje opp i det svenske valet. (Foto: Jesper Malmsten)Gudrun Schyman og Feministisk initiativ nådde ikkje opp i det svenske valet. (Foto: Jesper Malmsten)

Partiet sin statsministerkandidat var partileiar Gudrun Schyman.

Schyman var tidlegare leiar i Vänsterpartiet. I 2005 forlot Schyman partiet og heldt fram i Riksdagen som uavhengig kandidat.

Klåre, feministiske mål


Feministisk initiativ har programfesta å jobbe for auke i kvinne-løner, for å få slutt på vold frå menn og for 50-50 deling på foreldrepermisjonar.

Frå politisk hald, spesielt frå venstresida og frå sosialdemokratane, har Fi blitt kritisert for å bane vegen for dei borgarlege partia. Schyman svara på kritikken med å hevde at dette var å flytte fokus, og at dei andre partia sjølve måtte ta ansvar.

- Viss dei ønskjer å styre Sverige må dei ta feminismedebatten på alvor, uttalte Schyman til Ny Tid i fjor.

Støttar ikkje alliansen


Fi har heile tida hevda at dei ikkje ønskjer å ta ei høgre-eller-venstre stilling til politikken, men at dei heller vil drive feministpolitkk på tvers av dei politiske blokkene.

Sist veke blei det likevel klart at Fi ikkje kjem til å støtte den borgarlege alliansen som består av Moderaterna, Folkpartiet, Kristdemokraterna og Centerpartiet. Til Sveriges Radio uttala Fis talsperson Sofia Karlsson:

Feministisk initiativ håpte å bli representerte i Riksdagen. Her er Gudrun Schyman og Devrim Mavi frå valkampopninga i august. (Foto: feministiskinitiativ.se)Feministisk initiativ håpte å bli representerte i Riksdagen. Her er Gudrun Schyman og Devrim Mavi frå valkampopninga i august. (Foto: feministiskinitiativ.se)

- Den borgarlege alliansen har kome overeins om å følgje den kristendemokratiske linja innan familiepolitkken, og den ser me som antifeministisk. Held alliansen fast på ein slik familiepolitkk kan ikkje me støtte ei borgarleg regjering.

Hjelp av Fonda


I valkampen har dei mellom anna hatt drahjelp av den amerikanske aktivisten og skodespelaren Jane Fonda. I går gjekk det og ut ei pressemelding frå Fi om at dei fekk tilbakemeldingar om at valsetlane deira låg lite tilgjengelege i fleire vallokale og at alternative røystesetlar (blanke setlar med Feministisk initiativ skrive på) kunne risikere å bli avviste.

heimesidene sine uttrykkjer no Feministisk initiativ skuffelse over å ikkje ha nådd opp i Riksdagsvalet, men samstundes godt håp for framtida:

Thats it. Fast vi hänger inte läpp för det. Och nu partar vi loss och lovar att på alla sätt återkomma. Var så säkra.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy