Speleavhengige flyktar frå automatar til nett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kjempeauke i bruk av nettspel tyder på at spelesugne nordmenn er i ferd med å flytte frå speleautomatar til internett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Tal frå Lotteritilsynet viser at omsetnaden på tradisjonelle speleautomatar er redusert med 35 prosent sidan forbodet mot å bruke setlar vart innført. Samtidig melder selskapet NorgesAutomaten om ein auke på 140 prosent frå juli til august.

Selskapet har teke konsekvensen av regelendringane og etablerte seg på internett i juni med dagens speleautomatar i nettutgåve. Desse «skjermautomatane» har hatt ein omsetnad på 15 millionar sidan oppstarten, skriv VG.

- Med denne utviklinga reknar vi med at spelet omset for 200 millionar kroner neste år, seier pressekontakt Bjørn Honerud Grene i NorgesAutomaten.

Lotteri- og stiftingstilsynet er skuffa over at nettspel rekrutterer nye spelarar og kallar NorgesAutomaten for kynisk. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving