Politikarane farlege for norske soldatar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kritikken av unge soldatar som skal på utanlandsoppdrag, set livet deira i fare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill.foto: Wikipedia)(Ill.foto: Wikipedia)

(NPK): Det meiner både Offisersforbundet og hærleiinga.

Generalmajor Kjell Grandhagen tek no eit kraftig oppgjer med påstandar frå politikarar og andre om at soldatane som kan bli sendt til Afghanistan, ikkje er godt nok førebudd.

Grandhagen seier til NRK at soldatane har fått ei fullgod utdanning og er gode nok til å bli sendt i strid. Offisersforbundet åtvarar mot dei utspela som har kome frå politikarar og andre den siste tida og meiner at det verkar demotiverande på styrkane, og dessutan kan vere livsfarleg for soldatane.

- Kritikken vil bli fanga opp av motstandarane våre i Afghanistan. Dei vil sjå på dette som ei svakheit og prøve å utnytte det ved å ramme akkurat desse avdelingane, seier han. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving