Verdas første robotkvinne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenk deg at du mister ein arm. Tenk deg så at du får ein ny arm som du kan styre ved hjelp av tankane dine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er ikkje Claudia Mitchell. Dette er slik vi hittil har sett føre oss at ei robotkvinne kan sjå ut. (Foto: grandrivertoys.com)Dette er ikkje Claudia Mitchell. Dette er slik vi hittil har sett føre oss at ei robotkvinne kan sjå ut. (Foto: grandrivertoys.com)

For to år sidan miste Claudia Mitchell (26) den eine armen si i ei motorsykkelulykke.

Denne veka sørgde kirurgar ved Rehabilitaion Institute i Chicago for at ho fekk ei protese ho kan styre via sin eigen hjerne, skriv den danske avisa

Berlingske Tidende

.


Nervane levde


Knoklar og musklar var borte, men nervane var i live og sende beskjedar til den mista armen om kva han skulle gjere, forklarte dr. Todd Kuiken frå instituttet då han presenterte resultata.

Nervane sende og av gammel vane impulsar frå den mista armen til hjernen. Desse overrivne nervane har no blitt kobla til protesa som er styrt av seks elektromotorar.


Gjer som eg vil


- Eg tenkjer at eg skal åpne handa, og så skjer det. Eg vil senkje albogen, og då går han berre ned, forklarte Mitchell sjølv under presentasjonen.

Claudia Mitchell er som ein kan skjøne svært glad for å gjere ting ho aldri trudde ho skulle få gjere igjen.

Den nye arma hennar er utvikla som ein del av eit program som fekk bevilga fem millionar dollar i fjor.


Kjelde:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving