Bokhandlaren blir nekta visum igjen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utlendingsdirektoratet (UDI) nektar bokhandlar Shah Mohammad Rais nytt turistvisum.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Scanpix)(Foto: Scanpix)

Oslo (NTB): Rais søkte om dette i samband med lanseringa av den nye boka si, men UDI trur ikkje på han.

Eventyrboka «Det var en gang ein bokhandlar i Kabul» vert lansert i Noreg 27. september, men utan at hovudpersonen får vere til stades, skriv Dagbladet.

UDI stoler ikkje på at Rais kun har til hensikt å besøke Noreg på grunn
av boklanseringa.

- Vi har avslått visumsøknaden fordi vi tviler på at boklansering er formålet med reisa. Rais' ektefelle og barn har søkt asyl i Schengenområdet. Det er derfor grunn til å tvile på at Rais vil reise ut igjen viss han først er komen inn, seier avdelingsdirektør Morten Hansen i UDI si opphaldsavdeling.

Bokhandlaren si yngste kone søkte om asyl i Sverige i april i år. Blir søknaden innvilga kan ho busette seg kor ho vil i Schengenområdet. Ho er no i Stockholm i påvente av svar på søknaden, medan Rais sjølv reiste til Canada då visumet hans gjekk ut.

Forlagssjef Tom Dahl i Damm seier at Rais er skuffa over vedtaket og vil anke. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving