Mobbing på jobben halvert

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste 15 åra er talet på mobbesaker i arbeidslivet halvert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Mobbeforskar og psykolog Ståle Einarsen seier til Aftenposten at auka fokus på mobbing, betra økonomi og låg arbeidsløyse er blant årsakene.

Ferske tal som vart lagt fram tysdag viser at talet på tilfelle der arbeidstakarar hevdar å vere alvorleg mobba på jobben er redusert frå 4.5 prosent tidleg på 90-talet til 2 prosent i dag.

- Det er en kraftig nedgang på 15 år. Arbeidslivet har gjennomgått store endringar i same periode. Vi merkar det også i det daglege. Vi får ikkje inn på langt nær så mange saker som før, seier mobbeforskar og psykolog Ståle Einarsen frå Bergen.

- Det er lettare å skifte jobb viss du ikkje trivst på arbeidsplassen din, seier han. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving