Bridget-truse på auksjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du god økonomi, kan kjempetrusa til Bridget Jones bli di.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hold-inn-trusa frå Bridget Jones-filmen skal auksjonerast bort. (Foto:spring.net)Hold-inn-trusa frå Bridget Jones-filmen skal auksjonerast bort. (Foto:spring.net)

Hugsar du dei svære trusene Renee Zellweger viste fram filmen i Bridget Jones Dagbok? Dei som fekk den ekle kjærasten Daniel Cleaver (Hugh Grant) til å utbryte «Hello, mummy!»?

No kan du få kjøpt trusa, viss du vil - og viss du har mykje pengar til overs.

- Helsing Hugh Grant


Neste veke skal det nemlig finne stad ein veldedigheitsmiddag i London, til inntekt for park-venene Royal Parks Foundation . Her er altså at Bridget-trusa auksjonsobjekt, kan nettstaden This Is London fortelje.

Ein kan jo sjølvsagt spørje seg kva samanheng det er mellom veldedigheits-organisasjonar som jobbar for bevaring av parkar og kjendistruser.

Forklaringa er enkel: Ein av aktivistane bak Royal Parks er Zac Goldsmith, og han er broren til kjærasten til Hugh Grant.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På trusa står det: Hello Mummy! Lots of love and kisses, Hugh Grant xxxx. (Foto: cumberlink.com)På trusa står det: Hello Mummy! Lots of love and kisses, Hugh Grant xxxx. (Foto: cumberlink.com)

Hugh Grant har til overmål signert trusa, og organisasjonen trur no at heile tilstellinga vil få inn 185 000 dollar, eller omlag 1, 23 millionar norske kroner. Kva pris trusa er venta å kome opp i, veit me førebels ikkje.

Snill mot parkar


Royal Parks Foundation treng pengane til bevaring av parkane i London. Den andre av Bridget Jonesfilmane, «Bridget Jones på randen», vart mellom anna spela inn i Regent's Park og Kensington Gardens.

The Royal Parks består av mange andre populære parkar også, til dømes , St. James's Park, Green Park og den kanskje mest kjende av dei alle: Hyde Park.

Andre auksjonar i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving