Ap styp etter sjukelønsdebatten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidarpartiet styp etter sjukelønsdebatten. Nå er partiet nede i 24,5 prosent oppslutnad på VGs partibarometer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: scanpix)(Foto: scanpix)

Oslo (NTB): Det er ein tilbakegang på fire prosentpoeng sidan førre månaden.

Det er omtrent det same resultatet som partileiar Jens Stoltenberg opplevde i katastrofevalet i 2001, kor eit anna omstridt sjukelønsforslag skapte oppheita debatt. Då var oppslutaden på 24,3 prosent.

I 2001 var det Jørgen Kosmo som avslørte at han ønskte at arbeidstakarar som vart sjuke berre skulle få 80 prosent løn dei 16 første sjukedagane. Reaksjonen fra veljarane var dramatisk.

Partimålinga for september gir Frp en oppslutnad på heile 35,5 prosent, ein framgang på 3,5 prosentpoeng sidan augustmålinga, mens Høgre får 16,4 prosent, ein framgang på 2,3 prosentpoeng.

Ap sine regjeringskollegaer SV går tilbake til 6,5 prosent, mot 7,1 prosent førre månad, mens Sp går fram frå 5,7 prosent til 6, 0 prosent.

KrF går fram frå 4,7 prosent til 5,1, mens Venstre går tilbake med eitt prosentpoeng og hamnar på 3,1 prosent. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving