Storm rundt sjukelønsordninga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Avtala om inkluderande arbeidsliv har vore ein fiasko. Det slår OECD fast i ein ny rapport som NRK har fått tilgang til.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Regjeringa si avgjerd var rett. Arbeidsgivarane må ta meir av rekninga ved sjukefråveret, seier prosjektleiar i OECD, Christopher Prinz. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, meiner sjukefråveret går opp fordi det ikkje blir stilt nok krav til arbeidsgjevarane.

VG melder fredag at den raudgrøne regjeringa ikkje har fleirtal på Stortinget for å stramme inn sjukelønnsordninga.

Med blokkfordelinga i det sitjande Stortinget, er det tilstrekkeleg med tre «utbrytarar» frå dei raudgrøne for å vippe fleirtalet. Regjeringspartia har 87 representantar mot opposisjonens 82.

Sju av ti veljarar meiner regjeringa må snu i ei fersk meiningsmåling som InFact har gjort for VG. Veljarane meiner at regjeringa er svekt etter framlegget om å stramme inn på sjukelønsordninga.

LO-leiar Gerd-Liv Valla har visst om at regjeringa ville endre sjukelønnsordninga sidan mars i år. Men ho har ikkje sagt noko om det til andre.

Ifølgje LO-leiaren syntest ho forslaget var så pinleg og dumt at ho ikkje ville nemne det for andre, skriv Dagens Næringsliv. Ho legg til at ho åtvara på det sterkaste, og seier at ho syntest tanken var så pinleg at ho ikkje ville avsløre den for andre.

Regjeringskjeder Dagsavisen har snakka med, seier til avisa at eit knippe utvalde skal ha delteke i diskusjonane på vårparten i år. Svært få var informerte.

Dette betyr at regjeringa la planar om å stramme inn sjukelønna om lag samtidig som arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen (Ap) fornya avtalen om eit inkluderande arbeidsliv - i juni i år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving