Elg fanga innbotstjuvar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre karar braut seg inn i eit gatekjøkken i Saltdal i Nordland natt til i går. Tjue minutt seinare blei dei fanga, men ikkje av politiet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei tre karane var alle frå Austlandet, og fekk med seg 70 000 kroner frå mellom anna speleautomatane i gatekjøkkenet. Eigaren blei vekt av alarmen, men då han kom til staden var tjuvane vekk, skriv

Avisa Nordland

.

Kom ikkje langt


Men dei tre tjuvane kom ikkje langt med byttet sitt. Tjue minutt etter at politivakta i Bodø hadde fått høyre om innbrotet, kom det ei melding om at ein bil hadde kollidert med ein elg i Junkerdal. Ein av mennene blei skada i samanstøytet, og bilen var ikkje i køyrbar stand.

Ambulanse, viltnemda og ein politipatrulje rykte ut, og dei tre mennene blei tatt med til Bodø. Den skada mannen blei lagt inn på sjukehus, men han var ikkje alvorleg skada.

Kriminelle


Politiet sjekka namna på dei tre karane, og fann ut at dei alle hadde kriminellt rulleblad. Då dagslyset kom, blei ulykkesstaden undersøkt, og der fann politiet både pengar og andre etterlatenskapar frå gatekjøkkeninnbrotet.

Dermed blei dei tre uheldige karane pågripne av politiet. Den skada mannen måtte bli på sjukehuset, mens dei to friske blei varetektsfengsla.


Heltedød


Den stakkars heltemodige elgen som hadde vore til så stor hjelp for politiet, var dessverre så hardt skada etter hendinga at han måtte bøte med livet.

Dyr er populært stoff du kan lese meir om her og her.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving