100.000 til norsk barne- og ungdomslitteratur

Artikkelen fortsetter under annonsen

I samband med markeringa av forfattaren Rasmus Løland (1861-1907) har Rogaland fylkeskommune oppretta eit eige stipend for å fremje norsk barne- og ungdomslitteratur.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar Rasmus Løland (1861-1907) har inspirert mange barnebokforfattarar. (Foto: Nashornet.no)Forfattar Rasmus Løland (1861-1907) har inspirert mange barnebokforfattarar. (Foto: Nashornet.no)

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

I samband med markeringa av forfattaren Rasmus Løland (1861-1907) har Rogaland fylkeskommune oppretta eit eige stipend for å fremje norsk barne- og ungdomslitteratur. Stipendet for 2007 vil vere på 100.000 kroner.

Det er von om at stipendet kan inspirere forfattarar til å skrive for barn og unge og gjer det mogleg å skrive på heiltid for ein periode, eller ta del i forfattarstudium og liknande.

- Stipendet skal vere med å auke statusen til norsk litteratur for barn og ungdom og stimulere til at fleire titlar vert produsert, fortel fylkesordførar og leiar av Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Roald Bergsaker.

Dei som søkjer om stipend må kunne dokumentere publiserte tekstar, enten som eiga bok, som ein del av ein antologi eller i eit tidsskrift eller liknande.

Stipendet vil bli delt ut i Suldal i Rogaland i mai neste år. I 2007 er det 100 år sidan Rasmus Løland døydde i Asker, og i 2011 150 år sidan han vart fødd på garden Løland i Sand i Ryfylke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Banebrytande forfattar


Han er sagt å vere den forfattaren som for alvor opna opp litteratursjangeren som rettar seg mot barn og unge, eit arbeid som har vore ei viktig inspirasjonskjelde for kjende norske og utanlandske forfattarar seinare. Løland var banebrytande som barnebokforfattar. Saman med Per Sivle etablerte han både den realistiske barneforteljinga og den nynorske barnelitteraturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Undrande og skapande


Rasmus Løland debuterte med boka «Folkeliv» i 1891, og skreiv til saman mest 30 bøker. I barnebøkene hans finn ein ikkje moralisme, didaktisk overstyring og sentimentalitet. I staden skapte han eit univers der barn er heile, ansvarlege menneske. Synsvinkelen og perspektivet ligg med få unntak hos barna, og i alle forteljingane går motsetnaden att mellom normene i vaksenverda og ønska i barnelivet.

«Undrande og skapande» er visjonen for markeringa av mennesket, forfattaren, journalisten og samfunnsbyggjaren Ramus Løland (1861-1907). Målet er å fremje og skape merksemd kring arbeidet til Løland og bruka det til å skape ny kunnskap og større engasjement for norsk barne- og ungdomskultur i tillegg til barne- og ungdomslitteratur.

Gjennom barnehage og skule skal markeringa skape haldningar for norsk kunst og kultur for barn og unge, stimulere barn og unge si interesse for å lese og skrive, og nytte barna sin fantasi og skaparkraft for å få fram nye kunst- og kulturuttrykk for den same målgruppa. (NPK)

Meir om Løland og markeringa finn du på Nashornet.no

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving