Afghanistans kvinner lir

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med Talibans fall for fem år sidan trudde omverda at ting berre skulle kunne bli betre for kvinnene i Afghanistan. Men framleis er vald og overgrep ein alt for stor del av kvardagen deira.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Før 11. september 2001 var det internasjonale samfunnet i liten grad merksamt på korleis forholda var for innbyggjarane i det Taliban-styrte Afghanistan.

Kvardagen til dei afghanske kvinnene er framleis prega av vald og overgrep, hevdar Amnesty International. (Foto: suedasien.net)Kvardagen til dei afghanske kvinnene er framleis prega av vald og overgrep, hevdar Amnesty International. (Foto: suedasien.net)

Men då Taliban nekta å utlevere Osama bin Laden til USA, kom Afghanistan for alvor i søkjelyset, og forholda for landets drygt 29 millionar innbyggjarar blei tydlegare for omverda.

Vanskeleg for kvinnene


Den fundamentalistiske Talibanrørsla hadde då styrt landet i over fem år. Om kvinnene ikkje hadde hatt det heilt enkelt i det patriarkalske samfunnet til då, så blei det no mykje verre.

Under Taliban fekk t.d. kvinner ikkje lov å gå ute utan følgje av ein mann og dei fekk stort sett ikkje ta seg arbeid. Jenter fekk heller ikkje lov til å ta utdanning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner som til dømes mista ektemaken, og dermed også forsørgjaren sin, fekk store problem med å overleve så lenge dei sjølve ikkje fekk ta seg arbeid.

Desse kvinnene blei no overlatte til å tiggje eller til å leve på dei slektningane som eventuelt hadde råd til å brødfø dei.

Amnesty uroa


Diskriminieringa og forfølgjinga av kvinnene uroa Amnesty International som prøvde å gjere omverda merksame på korleis afghanske kvinner stadig blei utsette for valdtekt og andre overgrep.

Men då Taliban blei styrta og overgangsstyret med Hamid Karzai i spissen tok over i desember 2001, byrja optimismen å rå. No hadde omverda fått innsyn i det elendet afghanske kvinner lei under, og det var mange grunnar til å tru at livet skulle kunne bli betre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lite forandring


Fire år seinare kunne Amnesty slå fast at det ikkje sto særleg mykje betre til i den afghanske befolkninga, i alle fall ikkje for alle. I ein rapport frå 2005 hevdar Amnesty at overgansregjeringa ikkje har vore i stand til å verje kvinnene mot valdtekt, overgrep og tvangsekteskap. I rapporten blir det vist til korleis kvinner som er utru eller som rømmer frå ekteskapet blir straffeforfølgde og risikerer å bli drepne av familien sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gerald Folkvord er rådgjevar i Amnesty Noreg, og han fortel at afghanske kvinner framleis er svært utsette for brot på menneskerettane.

Mellom anna er det er mykje som tyder på at bruk av tvangsekteskap har auka etter at Talibans fall, og at mange kvinner tyr til sjølvmord for å unngå å bli tvangsgifta.

- Den afghanske menneskerettskommisjonen har dokumentert ei rekkje tilfelle der kvinner har brent seg offentleg for å sleppe unna tvangsekteskap og samstundes få merksemd for dette problemet, seier Folkvord. - I tillegg er kvinner svært utsette for overgrep frå tryggingsstyrkar og andre væpna grupper.

Må kriminaliserast


Også kvinner som vil ta del i det politiske livet blir utsett for trugsmål og forfølging. Vald mot kvinner er ikkje rekna som kriminelt og det finst få støtteordningar for valdsofra.

- Det er ei generell haldning blant styresmaktene at dei ikkje skal blande seg inn i det som går føre seg i familien.
I rapporten frå 2005 blir det slått fast at Afghanske styresmakter må kriminalisere vald mot kvinner og straffeforfølgje overgriparar vis kvinnene nokon gong skal ha håp om ei betre liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekstremt valdeleg
Folkvord syner til at den væpna konflikten som har pågått i Afghanistan i meir enn 25 år har skapa eit ekstremt valdeleg samfunn som i tillegg er heilt og halde mannsdominert. Etter at Taliban vart styrta for fem år sidan vart det tydeleg for omverda at ein her stod overfor ein nasjon av kvinner og menn som levde under eit svært strikt regime.

- No høyrer me ikkje så mykje om korleis kvinnene - og mennene - i Afghanistan har det lenger. Har omverda etterkvart mista dette folket og deira liv ut av fokus?
- Det er mykje tyder på at kvinnenes situasjon ikkje er særleg høgt prioritert i tiltaka for å skape fred og gjennoppbygge landet. Tryggingssrådet i FN har for flere år sidan vedteke ein resolusjon som understrekar det viktige i å integrere kvinner i fredsprosessar og sikre at det blir tatt omnsyn til kvinnenes behov og tryggleik. Realiteten er likevel ein heilt annan, seier Folkvord.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han peiker på at dei internasjonale aktørane som arbeider aktivt for å tryggje freden i Afghanistan heller ikkje er særleg opptekne av å gjere noko med den omfattande diskrimineringa av kvinnene.

Framtidsperspektivet


Det er ikkje enkelt å spå om framtida til ein nasjon som framleis er i væpna konflikt, men i den grad han vil gjere det, seier Gerald Folkvord at den pågåande gjenoppbygginga av samfunnsstrukturen trass alt gir Afghanistan høve til å betre kåra for alle innbyggjarane sine .

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Både afghanske makthavarar og dei internasjonale aktørane som påverkar situasjonen i Afghanistan har lova omfattande reformer for betre å sikre menneskerettar og demokrati. Om dette betyr noko for kvinnene i Afghanistan vil først og fremst vere avhengig av kva vekt det internasjonale samfunnet legg på dette.


Afghanistan

(Den islamske republikken Afghanistan)
29, 8 millionar innbyggjarar
Styre: Republikk. President er Hamid Karzai.
Nyare historie: Eigen stat frå 1919, kongedømme frå 1926. I 1946 vart Afghanistan medlem av FN.
Invadert av Sovjetunionen mellom 1979 og 1989. I 1996 tok Taliban makta og erklærte landet sommislamsk republikk. Etter Talibans fall i 2001 vart Hamid Karzai innsett som leiar for eit overgangsstyre. I oktober 2004 vart Karzai vald til president.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Taliban

er ei religiøs rørsle som tolkar islamske lovar strengt. Ut over 90-talet voks rørsla seg sterk, og i 1996 inntok Taliban sine geriljastyrker Kabul og overtok styret av landet. Under Taliban si fem år lange regjeringstid var det forbode å spele musikk offentleg, kinoar vart stengde og gamle Buddha-statuar vart øydelagde fordi dei var ikkje-islamske.
(Kjelder: Caplex og Wikipedia)


FN-resolusjon 1325: Kvinner, fred og tryggleik.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving