Single har fått det verre

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er verre å vere singel enn i parforhold. Dei som bur åleine slit både økonomisk, fysisk og psykisk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK) Dette viser ei fersk undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Totalt lever 900.000 nordmenn åleine, det er heile 300.000 fleire einslege enn for tjue år sidan. Av desse er det flest eldre, men talet på single under 30 år aukar kraftig.

Forklaringa er ifølgje SSB at unge flyttar heimanfrå tidlegare enn før og sidan ventar dei lengre med å etablere seg. Dette har fått konsekvensar på bustadmarknaden.

Færre unge eig sin eigen bustad. I tillegg har dei unge dei høgaste bukostnadene, og dei har hatt lågare inntektsvekst enn andre grupper. Sjansen for at single under 30 år har så låg inntekt at dei kan reknast som fattige, er om lag fire gonger så høg som for folk flest.

Å bu åleine er ofte midlertidig for dei yngste, men forskar Mads Ivar Kirkeberg meiner problemet likevel må takast på alvor.

- Faren er at dei som hamnar i låginntektsgruppa, blir verande der, seier han. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving