Dobbelt så mange blir sjuke av flått

Artikkelen fortsetter under annonsen

I Østfold er femten personar behandla mot flått-sjukdomen Lyme Borreliose i år mot berre åtte i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sånn ser flåtten ut når han har forsynt seg med blodet ditt og er god og mett. (Foto: Ålesund Kommune)Sånn ser flåtten ut når han har forsynt seg med blodet ditt og er god og mett. (Foto: Ålesund Kommune)

Fekk du med deg noko du slett ikkje såg etter på soppturen din? Flåtten held stand, og han har ikkje blitt snillare med åra. Tvert i mot blir fleire og fleire sjuke etter flåttbitt.

Sjukdommen kan bli svært alvorleg med betennelse i sentralnervesystemet og leddbetennelsar.

Dei fleste får berre eit utslett som viser seg frå nokre dagar til uker etter flåttangrepet og blir friske av antibiotika, men ikkje alle er så heldige.

Lamma i fjeset


- Symptoma på betennelse i sentralnervesystemet er ofte ukarakteristiske, seier overlege ved Folkehelseinstituttet, Arne Broch Brandsæter til

NRK

. Men eit vanleg symptom er halvsidig lamming i ansiktet, spesielt hos barn.

Det er også eigne flåttfjernarar å få kjøpt. Veldig kjekke å ha viss ein stadig vekk må fjerne flått frå til dømes husdyr. (Foto: lovemypet.com.au)Det er også eigne flåttfjernarar å få kjøpt. Veldig kjekke å ha viss ein stadig vekk må fjerne flått frå til dømes husdyr. (Foto: lovemypet.com.au)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lur på tur


Det går an å verje seg mot den vesle men poetensielt farlege rakkaren, viss ein er litt lur.

- Det gjeld å kle seg fornuftig viss ein ferdast i terreng med mykje flått. Dekk til mest mogleg hud med klede, dra sokkane utanpå buksene og sjå godt etter om du har fått flått etter at du har vore på tur.


Få han vekk!


Overlegen seier at ein og kan bruke insektsspray, og at ein for all del må fjerne flåtten sjølv så snart ein oppdagar han. Dette kan ein gjere med neglane eller med ein pinsett.

- Viss ein får fjerna flåtten før det har gått 24 timar, er risikoen liten for smitte, seier Broch Brandsæter.

Vi får håpe at flåtten snart tar ein velfortent vinterferie, og så er vi glade for at det er eit halvt år til han kjem og plagar oss igjen.


Kjelde: NRK

Meir om flått her

Meir om flått i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving