Japans prinsesse Kiko fødde ein gut
Japans prinsesse Kiko fødde ein son onsdag. Det er den første mannlege arvingen som blir fødd inn i keisarfamilien på over førti år.
(Foto: egyptelection.com)
Tokyo (NTB-Reuters): Kiko (39) er kona til keisaren sin yngste son, prins Akishino. Barnet, som er nummer tre i arverekkja etter kronprinsen og Akishino, blei fødd ved keisarsnitt.
Fødselen vil sannsynlegvis utløyse ein debatt om å gjere om arvelova frå 1937 som nektar kvinner å arve trona. Ingen menn er blitt fødde i keisarfamilien sidan barnet sin far i kom til verda i 1965.
Kronprins Naruhito, keisaren sin eldste son, har ei fire år gammel dotter, prinsesse Aiko, som ifølgje gjeldande lov ikkje kan arve trona. (©NTB)
Velkommen til debatt
ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.
Tor Strand, redaktør.