Halvparten stryk ved Veterinærhøgskolen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Rektor Lars Moe meiner at studentane sjølve må ta mykje av ansvaret for den høge strykprosenten, skriv Universitas.
Strykprosenten ved Veterinærhøgskolen har auka merkbart gjennom fleire år.
Rektor Moe viser til at dagens studentar arbeider på ein heilt annan måte enn før.
- Vi ser at færre studentar blir verande på lesesalen om ettermiddagen. Dei dreg heller heim for å gjere andre ting. Dette er ei generell utvikling, og ikkje spesiell for Veterinærhøgskolen, sier rektor Lars Moe til Universitas.
Ifølgje Moe er det meininga at veterinærstudiet skal vere krevjande, og skolen har ingen planar om å redusere pensum. (NPK)