Straumprisen stuper

Artikkelen fortsetter under annonsen

Straumprisen er på full fart ned med eit fall på 29 prosent dei siste ti dagane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: picture-newsletter.com)(Foto: picture-newsletter.com)

Oslo (NTB): Regnvêr med mulegheiter til veksande vassmagasin og ein snarleg auka svensk atomkraftproduksjon presser prisane nedover, skriv Finansavisen.

Spotprisen i den nordiske marknaden har falle med 29 prosent frå toppnoteringa på kraftbørsen Nordpool på 64,67 øre måndag 28. august, og ned til 50,1 øre for levering tysdag 5. september.

Det er likevel langt ned til prisnivået frå i fjor. Spotprisen for Norden var på dryge 26 øre ved utgangen av august i fjor.

Kraftanalytiker Lasse Torgersen i Econ Analyse seier til Finansavisen at regnet dei siste dagane gjer at trua på eit normalår stig.

Dessuten kan meir svensk atomstraum lette på situasjonen når atomkraftverket Ringhals igjen har alle fire reaktorar i drift 13. september etter ein omfattande stans på grunn av planlagt vedlikehald.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving