Farlege pårørande på sjukehusa

Stadig oftare må vektarar og politi gripe inn mot pårørande til pasientar på sjukehus her i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Pårørande stel mat og utstyr, bråkar og slåst.

Ein av tre sjukepleiarar seier at vald og trugsmål frå pasientar og pårørande har auka dei siste to åra, kjem det fram i ei undersøking utført for Norsk Sjukepleiarforbund. Også seksuell trakassering er eit aukande problem.

Problemet eksisterer både i heimesjukepleien og somatiske og psykiatriske sjukehus, fortel nestleiar Erik Bårdseng i Sjukepleiarforbundet til NRK.

- Vi har vorte eit fleirkulturelt samfunn og nasjon. Det er mange ulike grupperingar som sjølvsagt også blir lagt inn på sjukehus. Det krevst ofte spesiell kulturell forståing og kunnskap for å handtere mange av situasjonane som kan oppstå, seier han, og peikar på at større tids- og effektivitetspress gjer at dei ikkje alltid har tid til å ta seg skikkeleg av pårørande og andre som kjem på sjukebesøk.

Ringlund fortel også at det har vore tilfelle av at pårørande kjem til sjukehuset for å ta både sjukehus og tilsette, fordi dei meiner sjukehus og tilsette har drept ei mor eller ein far. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy