Kjersti Scheen: «Ute av bildet»
«Ute av bildet»
Kjersti Scheen
(Gyldendal Forlag, 2006)
- Ja? sa jeg og smilte, det store Bellasmilet mitt. - Dette gikk da bra?
De på podiet klappet. Det var gått utrolig bra, enda bedre enn ellers. Da ristet jeg ut håret og strakte meg. - Nå, hvor er champagnen?
Kjersti Scheen er ein etablert forfattar med eit heftig produksjonstempo. Sidan debuten hennar i 1976, har ho gitt ut heile 32 bøker - forutan alle dei bøkene ho har illustrert sidan 1964.
Og Scheen er framleis på hugget. Sjølv om forfattaren har lagt den kjende rollefiguren og detektiven Margaret Moss på hylla denne gongen, inneheld også denne forteljinga eit uforklarleg forsvinningsnummer.
Men «Ute av bildet» er ingen krim-roman; dette er ein varm, sår og forsonande roman om sjølvransaking og eit møte med si eiga historie. For som i andre bøker i Scheens forfattarskap, handlar også denne romanen om hovudpersonens indre konfliktar.
Å miste seg sjølv
Langt borte et sted hørte jeg meisene kvitre. De var glade for lyset. Det var siste dag av februar. Snart ville våren komme.
Jeg kunne ikke se meg sjøl i denne våren. Kunne ikke se meg sjøl være noe sted, mørkt framme og mørkt bak.
I «Ute av bildet» skriv Kjersti Scheen igjen ei historie om eit gamalt «spøkjelseshus». Det er her hovudpersonen Bella søker ly. Og også Bella blir heimsøkt av gamle spøkjelse.
Bella var ein av Noregs mest vellukka tv-kjendisar, ei leiande talkshow-vertinne med stormande suksess og vinnande vesen. Men ein dag raknar det for Bella og ho forsvinn sporlaust berre timer før ho skal vere leiar på eit seminar på Litteraturfetivalen på Lillehammer.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenOg mens heile Noregs kulturelite er i sorg over det ein reknar med er eit sjølvmord, er sanninga ei anna. Bella er i live, men berre så vidt. I tillegg har ho mista seg sjølv.
I huset i skogen kjemper ho i skjul ein kamp for å kome tilbake til livet, for å finne tilbake til den ho verkeleg er. Men det er mange som vil sko seg på historia til den tidlegare stjerna.
Ein eigen varme
- Hør nå her, vennen min, det er griller, det vet du. Tankespinn. Galskap, ja, jeg sier det rett ut. Du må slutte med det. Få det ut av hodet.
Kjersti Scheen har ei eiga evne til å skildre kjenslene til personane i boka. På same tid inneheld historia finurlege detaljar og litterære bilete som er med på å gjere historia ekte på ein enkel måte.
Språklege verkemiddel er fletta inn i historia om Bella, og gjer det som er vanskeleg lett å lese om. Historia blir dermed verkeleg for lesaren - med det resultatet at lesaren tek del i Bellas angst.
I «Ute av bildet» kjenner leseren behovet for å forsvinne. Derfor blir det terningkast fire.
Om forfattaren:
Kjersti Scheen er fødd i Oslo i 1943. Ho er utdanna ved boklinja ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, og har illustrert bøker sidan 1964. Ho debuterte med billedboka Fie og mørket i 1976, og har sidan gitt ut bøker for barn og ungdom og vaksne i mange genre. I 1994 debuterte ho som krimforfattar med Teppefall. Her fikk også detektiven Margaret Moss sin debut. Bøkene om Moss er oversett til fleire språk.
Artikkelen fortsetter under annonsenHar gjeve ut:
FOR BARN OG UNGE
Fie og mørket. Barnebok 1976
Her er jeg far!. Barnebok 1981
Sofie og pytondagene Barnebok 1988 (Damm)
Sofie og tøffe Anders. Barnebok 1989
Sofie og hulesteinen. Barnebok. 1990 (Damm)
Prikken og bordet som fløy. Billedbok 1991
Kaperøya. Ungdomsroman 1992
I byen der alt kan skje. 1992 (Damm)
Villas vals. 1993 (Damm)
Månefeen. Ungdomsroman 1993
Prinsessen og Robinson. Billedbok 1994 (Damm)
Masker i måneskinn. Ungdomsroman 1995
Hemmeligheten på loftet. 1995 (Solum)
Morellsommer. Barnebok 1996
Bare en dag. Ungdomsroman 1997
Nattkatten. Barnebok 1998 (Damm)
Roselill. Ungdomsroman 1999
Marilyn og Mia i den onde grevens skog. Barnebok 2000
Engel uten vinger. Ungdomsroman 2001
Britneys hemmelighet. Barnebok 2002
Ønskestjerne. Ungdomsroman 2003
Stup. Roman 2004
FOR VAKSNE
Vårmåne. Roman 1986
Reisebeskrivelse. Roman 1990
De siste vokterne. Spenningsroman 1991
Teppefall. Kriminalroman 1994
Ingen applaus for morderen. Kriminalroman 1996
Englemakerne. Kriminalroman 1998
Stil til selskapsbruk. 2000
Den syvende synd. Kriminalroman 2000
Lik i lasta. Kriminalroman 2003
Ute av bildet. 2006
Prisar
1970: Kirke- og undervisningsdepartementets premiering, illustrasjonspremie for Gutten som fant kistesølvet av Reidar Brodtkorb
1976: Kirke- og undervisningsdepartementets premiering, bildebokpremie for Fie og mørket
1989: Kirke- og undervisningsdepartementets premiering, spesialpremie for Sofie og Tøffe Anders
1993: Kirke- og undervisningsdepartementets premiering, litteraturpremie for Månefeen
1994: Kulturdepartementets litteraturpris
1994: Skolebibliotekarforeningens pris for samlet forfatterskap
1994: Gyldendals legat
Kilde: Gyldendal.no
Her kan du lese fleire
Litteraturanmeldingar
Meir litteratur i
Neste Klikk
:
Litteratur
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker