Hugs bag når du ranar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er fort gjort å gløyme noko i farta når ein ranar ein bank.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pengane flaug rundt den noko uførebudde ranaren.Pengane flaug rundt den noko uførebudde ranaren.

Det fekk nyleg ein amerikanar erfare, melder

1010 Wins

.

Truga personalet


Like før klokka elleve ein føremiddag kom ein mann inn i ein av banken Wachovia sine fillialar. Kledd i ein krøllete parykk og svarte solbriller truga mannen personalet med eit 9mm handvåpen.

Det resulterte i at han fekk nærmare 9000 kroner i kontantar.

Gløymde bag


Men herfrå gjekk ikkje ting heilt som planlagt for ranaren. Mannen hadde nemleg gløymt å tenkje på korleis han skulle frakte pengane.

Dermed måtte han berre grabbe til seg alt han kunne bere i fanget, og springe avgarde for harde livet.

Kjekt å ha noko å ha det i. (Foto: myhockeystore.com)Kjekt å ha noko å ha det i. (Foto: myhockeystore.com)

Mista utbyttet


Men det er ikkje nokon leik å springe med så mykje kontantar, skulle det vise seg. Ranaren mista meir enn 7500 kroner av utbyttet i flukta.

Stakkaren satt dermed igjen med knappe 2000 kroner etter den uheldige hendinga.

Fann igjen pengane


Ein time seinare hadde politiet klart å finne igjen ranspengane som hadde blåst ut på plenar og vegar etter den uheldige flukta.

Men som ordtaket seier: det finnast anna her i verda enn pengar. Til dømes har vi jo både sjekkar og kredittkort.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving