Stor, feit blondine

Artikkelen fortsetter under annonsen

I jakta på eit rockeband fann me både religion og sex.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Når ein skal skrive om eit rockeband ein ikkje hugsar namnet på, må ein leite litt. Men problemet med å søkje på nettet, er at ein ikkje alltid styrer så godt sjølv kva treff ein får opp.

Tydlegvis eit dårleg utgangspunkt for å leite etter eit band.Tydlegvis eit dårleg utgangspunkt for å leite etter eit band.


Jakta byrjar


Eg tenkjer at eg får søkje på ein av songtitlane til dette bandet for å sjå om det kan hjelpe. «Let My People Go Go» skriv eg inn i søkjefeltet, og eg får mange treff.

Første sida er proppfull av tilvisingar til all slags sider kor bibelfiguren Moses er med eller er omtala. Det hjelper meg lite, eg skal ikkje ha bibelhistorie i dag. Eg vil ha rock'n'roll.

Sur på Google


Så prøver eg på ein annan slager eg minnest at dette bandet hadde: «Big Fat Blonde». Det går enno dårlegare: Eg får opp ei mengd treff, og dei har nesten utan unnatak fokus på «big» og «blonde» i tillegg til ein del andre, pornorelaterte uttrykk. Ingen av sidene freistar til besøk.

Eg prøver å leggje vekt på at det er ein songtekst eg er ute etter, og søkjer på «Big Fat Blonde lyrics». Det er lite nytt å sjå, eg får stort sett dei same treffa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Moses sa også «Let my people go», men kva rockeband var det som song om det? (Foto: chervokas.typepad.com)Moses sa også «Let my people go», men kva rockeband var det som song om det? (Foto: chervokas.typepad.com)

No byrjer eg å bli litt sur på Google som har vore min ven og hjelpar i så mange år.

Kjøttmeis eller pupp


Så minnest eg ei historie eg høyrde for nokre år sidan om ein skuleklasse som skulle skrive oppgåve om kjøttmeisen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungane ville søkje på nettet og sjå kva dei kunne finnne, og einkvan luring ville søkje etter bilde.

Kjøttmeis heiter «tit» på engelsk. «Tit» er og eit mykje bruka ord for bryst. Gjett kva du får mest av viss du søkjer på ordet...


Feit blondine, tynn gut


Tilbake til rockebandet mitt. Eg byrjer å bli meir interessert i sjølve søkinga enn i bandet. Kva skjer viss eg skriv inn deler av teksten i søkefeltet?

«I want a big fat blonde to hold my hand, to keep this skinny boy from blowing away in the wind.»

Eg søkjer på «Big Fat Blonde skinny boy».

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Big blonde» og «skinny boy» ser og ut til vere godt porno-stoff. Eg er glad eg er vaksen og skjøner kva eg les, for det slår meg at her kunne ungar snubla borti mykje ekkelt. Og no forstår eg korfor barnesikring er ein god nett-vane.

Big, fat blonde? Forsåvidt, men ikkje den eg leita etter. (Foto: wga.hu)Big, fat blonde? Forsåvidt, men ikkje den eg leita etter. (Foto: wga.hu)


Blonde bomber


Men er det berre Google som strevar med å finne att det rette svaret i den svære sex-jungelen som finst på verdsveven?

Eg prøver frå byrjinga, og matar Sesam, Alta Vista, Yahoo og ABC-søk med «Big Fat Blonde». No blir det heldigvis litt meir nyansert.

Ein plass finn eg stoff om filmen «Big Fat Liar», medan eitt par søkjemotorar faktisk har teksten til songen «Big Fat Blonde» liggjande nokså høgt oppe.

Men mest av alt får eg framleis opp «Big Fat Babes», «Big Blonde Bombshell» osb.

Likevel har eg i alle fall greidd det eg var ute etter i første omgang: Bandet eg ikkje hugsa namnet på, heiter The Rainmakers. Endeleg.

Konklusjon:

Nettsøk kan vere nyttig viss ein er flink til å søkje. Dei som ikkje er så flinke, finn utruleg mykje tull. Og dessutan er sjølvsagt eit nettfilter på sin plass, spesielt på maskinar som ungar har tilgang til.

Så blir det kanskje trivelegare å leite etter både kjøttmeisar og store, feite blondiner.

Meir i Neste Klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving