Tsunamien endra livet til ungane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleirtalet av dei norske ungane som var i Thailand då tsunamien kom trudde dei skulle døy.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: hosted-webs.com)(Foto: hosted-webs.com)

(NPK): Etterpå har mange slite med skuleproblem og angst. Men dei fleste ungane har likevel funne måtar å takle det på.

Dette går fram av ein forskingsrapport om ungane som opplevde tragedien. Norsk kompetansesenter for vold og traumatisk stress har gjennomført granskinga.

4.000 nordmenn var i katastrofeområdet andre juledag i 2004, 84 av dei mista livet.

Tap og groteske inntrykk, kombinert med redsel for å døy eller bli hardt skadd, kan gi psykiske reaksjonar i lang tid etter hendingane. Fleire ekspertar gjekk i etterkant av katastrofen ut og åtvara mot at tsunamien var den største tragedien norske barn hadde opplevd sidan andre verdskrigen.

Den nye rapporten viser at fleire av barna som vart hardast råka ved at dei mista sine nære føresette slit svært tungt med følgjene av tragedien. Mange av barna som ikkje mista familiemedlemmer har hatt større eller mindre problem som angst og konsentrasjonsproblem. Men for fleirtalet har problema vore mindre enn frykta på førehand.

Eitt år etter katastrofen fortalde halvparten av dei spurte barna at dei gjenopplevde hendingane gjennom tankar, bilete eller mareritt. Ein av fire hadde slike reaksjonar ofte eller nesten alltid. Eit mindretal sleit med søvnproblem, angst og irritasjon.

Men det positive er at dei fleste av barna har takla krisen betre enn frykta, og få har opplevd å få posttraumatisk stress.

16 prosent av ungane i granskinga er blitt meir medvitne på kor godt det er i Noreg og 11 prosent har større empati med andre. Så mange som 67 prosent fortel om positive endringar i familien, som at dei har kome nærare kvarandre, skriv Dagsavisen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving