Tidenes bonusår
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Dei 11 beste betalte fekk utbetalt meir enn 25 millionar kroner kvar, skriv Næringsliv24.
Meklarar jobbar nærast heile døgnet. Når dei ikkje sel aksjar, slår dei saman eller børsnoterer selskap. Dei les rapportar og investorkontraktar blir haldne varme. Og i 2005 kasta arbeidet av seg som det aldri har gjort før.
Åleine tente 11 av dei best betalte meklarane meir enn 25 millionar kroner. Til saman 50 personar i bransjen tente meir enn 10 millionar i fjor.
Det er godt over kva toppsjefane i Noregs største selskap får utbetalt. Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas måtte nøye seg med litt over fem millionar kroner i 2005, medan DnB NOR-sjef Svein Aaser enda på rundt seks millionar kroner i bonus. (NPK)