Litt.klikk: «Mono»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar veke stiller vi ulike forfattarar faste spørsmål. Denne vekas forfattar skriv så det slår gneistar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Navn:

Geir Olav Jørgensen

Alder:


34 år.

Aktuell med:

«Mono»

Sivilstatus:

Gift.

- Kvar var du då du skreiv boka?


- Første utkast av manuset vart handskrive medan eg arbeidde på ein fruktgard i Andalucia. Eg spaserte langs ein heit og aude grusveg til og frå arbeid. Eg stoppa, gjorde notatar i skuggen.

- Eg skreiv på jobb, eg skreiv heime, eg skreiv om natta. Settinga i boka vaks fram i denne perioden. I løpet av nokre få, intense døger vart miljøet levande. Så kom handlinga etter kvart som eg skreiv.


- Kven tenkte du på då du skreiv boka?


(Foto: Øyvind Hjelmen)(Foto: Øyvind Hjelmen)

- Eg tenkte på karakterane eg skildra. På relasjonar mellom desse, på landskapet dei rørte seg i. Men spesielt på unge Fjodor, som fortel og er hovudpersonen i romanen.


- Kva type PC skreiv du boka på?


- Eg skreiv manuset på ein gamal Compaq som slo gneistar, og som det rauk av då eg førte siste kapittelet. Eg gjorde nokre endringar, skulle få manuset skrive ut.

- Rare ting tok til å skje med teksten. Eg ringde då ein kamerat som arbeidar med data. Han bad meg lagre hyppig, fordi alle tings ibuande djevelskap tilseier at det er no det skal klikke. Men så gjekk det altså bra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Korleis valde du tittelen på boka ?


- Tittelen kom tidleg. Han låg i sjølve miljøet for handlinga, nesten som eit utgangspunkt. Mono. Ulike tema vaks ut av denne tittelen.


- Kva er yndlingsordet ditt?


- «Kvervle» er eit godt ord.


- Kva bok betydde mest for deg då du var liten?


- Tidleg var det Norske Folkeeventyr av Asbjørnsen & Moe. Eg trur det var den første boka eg las. Seinare kom «Huckleberry Finn».


- Kva bok betydde mest for deg som tenåring?


- «Beatles» av Lars Saabye Christensen. Boka tok meg inn på nye vegar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva bok skulle du ønskje du hadde skrive?


- Det må bli «Grapes of Wrath» av John Steinbeck. Ei av dei beste bøkene eg har lese.


- Kva bok har du aldri klart å fullføre?


- «Mesteren og Margarita» av Michail Bulgakov. Eg prøvde sikkert ikkje nok, eller kanskje eg prøvde for hardt. Eg kjem vel til å prøve på ny.


- Kva bok ville du tatt med deg dersom bokhylla brann?


- Eg hadde forsøkt å nappe med meg «On the Road» av Jack Kerouac. Elles har eg ein kjær 1950-paperback av «Brødrene Karamasov».


- Kva CD passar best som soundtrack til boka?


- Til «Mono» høver soundtracket til filmen «The Hours», som eg ofte høyrde på medan eg skreiv.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Oppsummer boka i ei setning


- Ein gut vaknar, han ser seg sjølv stå på eit gardstun, og tunet er heile verda.


- Kva skodespelar passar best til å spela hovudpersonen i boka?


- Sidan Fjodor er såpass ung ser eg ikkje for meg nokon bestemt skodespelar.


- Kva person skulle du ønskje hadde boka på nattbordet?


- Dersom han skjøna nynorsk og dersom han enno var i live: Nick Drake.

Om forfatteren:

Geir Olav Jørgensen debuterar med denne romanen.

Om boken:

Guten i boka «Mono», Fjodor, veks opp på Aaboth. Garden ligg for det meste i skuggen. Mora er russisk, ho går og lengtar. Faren bur i løa, kor han byggjer eit livsverk. Veslebroren er døv, han har eit magisk lag med fuglane.

«Mono» handlar om det som veks og går til grunne på garden deira.
I utgangspunktet ei realistisk skildring, men prega av absurde og overskridande element.

Kilde: Cappelen.no



Her kan du lese flere

Litt.klikk


Mer litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker

ABC.Startsiden.no:

Litteratur

De tyve siste forfatterene i Litt.klikk:

Øystein Stene: «Skambæreren»
Torleif R. Hamre: «norgeshistorier»
Lene Wikander: «Salt»

Artikkelen fortsetter under annonsen


Tore Stubberud: «Portrett av en kvinne fra det 21. århundre»


Odd W. Surén: «Dødsmåter»


Frode Thuen: «Utro - om kjærlighetens bakgater»
Odveig Klyve: «Det andre blikket»


Aksel Selmer: «Styrkeprøven»


Mona Høvring: «Helt vanlige mirakler»
Tore Aune: «Oppdrag: Midnatt»


Alf Kjetil Walgermo: «Mestermøter»


Eirik Ingebrigtsen: «Vendrakovic»
Astri C. Kleppe: «Her ute»


Stein Erik Lunde: «En far»


Marita Liabø: «Under brua»


Jørn Lier Horst: «Når havet stilner»


Jørgen Gunnerud: «Djevelen er en løgner»


Vibecke Groth: «Advokatene»


Øystein Wingaard Wolf: «Karusellturen med Gud»


Gaute Bie: «Go Shootyrbaby»