Alt om døden

Ein ting er sikkert: Døy skal me alle. Nå kan du til og med rekne ut kor lenge du har att.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon


Fryktar du mannen med ljåen? Her er nokre ting å tenkje på før du tar kvelden:

Det er mange førestellingar og mykje overtru knytt til døden. Og mange likar å skjemte med døden, slik som kunstnaren Ignacio Navarro. (Foto: ignacionavarroh.com)Det er mange førestellingar og mykje overtru knytt til døden. Og mange likar å skjemte med døden, slik som kunstnaren Ignacio Navarro. (Foto: ignacionavarroh.com)

Draum:

Døden symboliserer forvandling eller endring. Når du drøymer at nokon døyr, skal det tyde det at du er klar for å ta til deg dei eigenskapene den som døyr har.

T.d.: Viss du drøymer at mora di døyr, tyder det at du er klar for å trekkje til deg omsorg.

Dødsklokke:

Viss du ikkje er redd for resultatet, kan denne dødsklokka hjelpe deg med å rekne ut kor lenge du truleg har att å leve. Eg skal vist leve til eg blir 77, så eg har kanskje eit forbetringspotensiale.

Ei hand å halde i:

Dronning Victoria blei, etter eige ønske, gravlagd i badekåpa til den for lengst avdøde ektemaken hennar, prins Albert. I tillegg fekk ho med seg ei gipsavstøyping av handa hans.

Terry Jacks song kjempetrist om døden i «Seasons in the sun». (Foto: hitparade.ch)Terry Jacks song kjempetrist om døden i «Seasons in the sun». (Foto: hitparade.ch)

Elde:

Ingen amerikanarar har døydd av elde sidan 1951. I alle fall var det året da «elde» vart tatt vekk som klassifikasjon på dødsattestar.

Fordøyinga:

Tre dagar etter at du døyr, vil matmeltingsensymane (som tidlegare tok hand om middagen din) byrje å fordøye deg.

Øydelagde celler blir føde for bakteriane som lever i magen, noko som i sin tur produserer gassen som får auga på daude folk til å bule ut.

Goodbye my friend, it's hard to die:

Nokre syng om døden, og. Ingen andre har vel gjort det så trist som i denne slageren: «Seasons in the sun» med Terry Jacks (vil du heller lese teksten, kan du gjere det her ). Også søstera til Shakespeare song om det å døy, eller helst at nokon ikkje skulle gjere det.

Gravferd:

God planlegging er halve jobben. Ein norsk nettstad lar deg no planleggje gravferda di (eller andre si, for den del). Her kan du ta stilling til om du vil bli gravlagd i jorda eller om du vil kremerast, kva slags kiste du vil ha, korleis ei eventuell minnestund skal gå føre seg osb.

Frå «famadihana», ein noko spesiell seremoni kor døde folk blir gravd opp att for å få nye likklede. (Foto: Iles & Tropiques)Frå «famadihana», ein noko spesiell seremoni kor døde folk blir gravd opp att for å få nye likklede. (Foto: Iles & Tropiques)

Grev opp att:

På Madagaskar grev familien opp beina etter avdøde slektningar og stiller dei opp rundt om i landsbyen. Høvet for dette er ein seremoni dei kallar «famadihana».


Etterpå blir beina pakka inn i eit nytt likklede og gravd ned att, medan det gamle likkledet blir gitt til nygifte, barnlause par som skal leggje det over ektesenga.

Mange:

Ein billiard (1 000 000 000) menneske har døydd sidan menneskets opprinning. Når no det måtte vere...

Mummie:

Under ei utviding av ein jernnbane i Egypt på 1800-talet dukka det opp så mange mumiar at dei blei brukte som lokomotiv-brensel.

Dronning Victoria vart gravlagd med ei avstøyping av ein ev ektemannen sine kroppsdeler. (Foto: micklebring.com)Dronning Victoria vart gravlagd med ei avstøyping av ein ev ektemannen sine kroppsdeler. (Foto: micklebring.com)


New York, New York:

I New York er det fleire menneske som tek livet av seg enn som blir myrda.

Nynorsk:

Folk som skriv nynorsk nyttar sjelden ordet «daud» når dei skriv om folk. Ordet «daud» er litt for brutalt, og det er derfor litt underforstått at ein skal bruke «død». Om dyr og planter nyttar ein derimot «daud».

Overtru:

Det betyr ulukke å telje bilar i ei gravferd. Og viss ein person døyr med auga opne, tyder det at han eller ho kjem til å ta nokon med seg.

Døyr du på langfredag eller julaftan, kjem du rett til himmelen, for då er perleporten vidopen. Meir overtru knytt til døden finn du her.

Testamente:

Lurer du på å skrive testamente? Då kan det vere greitt å hente inspirasjon frå folk som har gjort det før deg. Sjå kva Napoleon og Lady Di etterlot seg.


Kjelder:

discover.com , drommetydning.dk

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving






Personvernpolicy