Eit liv i uvisse

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg veit ikkje når eller om eg får sjå ungane mine igjen, eg saknar dei forferdeleg mykje, seier trebarnsfar Moses Kalisa (35) frå Rwanda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kalisa er journalist, og måtte forlate heimlandet sitt, kone og tre barn i 2003 etter å ha skrive ein artikkel der han analyserte valet som blei halde det året i Rwanda.

- Eg likar Noreg, særleg fjella minnar meg om heimlandet mitt, seier Moses Kalisa frå Rwanda. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)- Eg likar Noreg, særleg fjella minnar meg om heimlandet mitt, seier Moses Kalisa frå Rwanda. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

På grunn av denne artikkelen hamna han i fengsel. Han greidde å rømme og flykta til Noreg, her han hamna på Kvam mottak i Norheimsund i Hardanger. No jobbar han som reinhaldar i Oslo, og greier seg godt i forhold til mange asylsøkjarar.

- Men noko lett liv er det ikkje, fortel han til Neste Klikk.

- Dei tre siste åra har gitt meg nye og vanskelege røynsler. Eg hadde venta å få vern i Noreg, at eg skulle få opphaldsløyve, eg ville lære språket og halde fram med karrieren min som journalist, fortel han oppriktig.

Men det gjekk ikkje som han hadde håpa, det viste seg å vere svært vanskeleg både å få bli her og å få jobbe med det han er utdanna til.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mister kunnskap


- No har eg ein jobb som reinhaldar, eg jobbar hardt og orkar nesten ikkje å lese avisa og sjå på nyheitene. Eg føler at eg mister kunnskap kvar dag, og eg saknar barna mine. Viss eg hadde vore ei kvinne, ville eg ha gråte kvar dag. Men eg får ikkje til å gråte, seier han alvorleg.

Kalisa vil ikkje snakke så mykje om saka si sidan ho endå er til behandling hos UDI. I oktober i fjor fekk han etter to års venting avslag på søknaden om opphaldsløyve. Han har anka saka då han meiner styresmaktene ikkje hadde nok opplysningar om situasjonen hans og forholda i Rwanda.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjem aldri tilbake


Når eg spør om han ser føre seg at han nokon gong kan kome tilbake til Rwanda, ristar han på hovudet.

- Eg likar landet mitt godt, og eg lengtar meg sjuk etter ungane mine. Men eg kan aldri kome tilbake dit. Eg drøymer om at ungane mine skal kome hit, det er den einaste måten eg kan sjå dei igjen på, fortel han med sorg i stemma.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit eige rom


Sidan Kalisa fekk seg jobb i januar i år, har han fått sin eigen bustad, han er uavhengig og kan gjere som han vil. Kalisa er glad for at han ikkje treng å bu på mottak lenger.

- På mottaket måtte eg dele rom med ein annan person. Eg har opplevd mykje vondt før eg kom hit, og får ikkje alltid sove om natta. Det er ikkje så lett når ein bur på same rom med ein person frå ein annan plass, som også har sine problem. På somme mottak bur det opptil fire på kvart rom, seier Kalisa.

Han syntest også at det var vanskeleg å forhalde seg til reglane og kontrollen ein blir underlagt på mottak.

- Det er underleg å bu på mottak, ein må seie i frå kor ein går, viss ein vil reise på besøk til vener for eit par dagar må ein spørje om lov. Ein blir kontrollert, som eit barn, sjølv om ein er vaksen og har barn sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvam Mottak Post


Han fekk arbeidsløyve etter eit halvt år i Noreg, og var veldig innstilt på å integrere seg sjølv i samfunnet i Norheimsund. Han kontakta frivilligheitssentralen i bygda, der han brukte mykje tid til frivillig arbeid og blei kjend med folk og fekk kontaktar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han starta blant anna opp og blei redaktør for avisa Kvam Mottak Post, som blei sendt ut til alle i kommunen, og som skulle vere eit bindeledd mellom lokalbefolkninga og asylsøkjarane. I Haugesund, der han budde i ein kort periode, blei han tillitsvald for alle asylsøkjarane i distriktet etter to veker. Men lønsarbeid var det ikkje lett å skaffe seg.

- Eg har vore i kontakt med fleire aviser og, for å få skrive for dei, men dei seier at eg må lære meg norsk. Etter to og eit halvt års intens jobbjakt fekk eg denne vaskejobben gjennom ein ven, og då flytta eg til Austlandet på dagen. Som asylsøkjar utan jobb får ein berre 1400 kroner kvar andre veke, av det blei det ikkje mykje til overs til skolepengar til barna mine i Rwanda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pengar er ikkje alt


Litt lettare er situasjonen hans blitt etter at han byrja å tene pengar. Men pengar er som kjend ikkje alt.

- Det er betre økonomisk sett, eg kan hjelpe familien min, eg kan betale skulepengar for ungane, og eg har kjøpt meg ein pc, men eg orkar ikkje å skrive mykje. Pengar gjer det lettare, men det gjer meg ikkje lykkeleg. Eg ventar på noko eg ikkje anar om eg vil få, eg veit ikkje om og når eg eventuelt vil møte ungane mine igjen. Eg lever som eit dyr, frå dag til dag, utan å kunne planleggje framtida mi.

Kalisa fekk tilbod om psykologhjelp for å gjennomarbeide trauma etter det han har opplevd i heimlandet.

- Eg fekk tilbod om psykolog i Kvam. Eg gjekk dit, men eg fekk ei kjensle av at psykologen ville analysere meg. Ho stilte dei same spørsmåla eg sjølv hadde stilt då eg arbeida som journalist. Eg fant ut at ho ikkje kunne hjelpe meg, det einaste som kan hjelpe meg er at ungane mine kjem hit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Blei nesten drepen


Kalisa miste heile familien sin under folkemordet i 1994, og det var nære på at han ikkje blei drepen sjølv.

- Det einaste som hjelper mot slikt, er å få vere saman med ungane sine, meiner Kalisa.

Igjen og igjen nemner han ungane sine. Han tenkjer på dei heile tida og saknar dei så han blir sjuk, fortel han.

Set pris på fjella


- Noreg er eit vakkert land, det er rikt og kaldt. Eg likar at det er fjell her, slik liknar det på heimlandet mitt. Rwanda blir kalla landet med dei tusen berga. Men fjella i Rwanda er høgare, det høgaste, Kalisimbi, er over 5000 meter høgt. Eg likar å gå på fjellet, det har eg gjort både her og i heimlandet mitt.

- Kva synest du om tilbodet Noreg har til asylsøkjarar?
- Tja, eg må seie det slik: Eg trur staten er nøgd med tilbodet han gir oss, seier Kalisa kryptisk, og vil ikkje seie meir om den saka.

Men når eg spør kva han ønskjer seg for framtida si, har han svaret klart:
- Eg vil vere saman med ungane mine, og kome tilbake til karrieren min som journalist. Det er alt eg ønskjer meg, seier den engasjerte mannen frå det vakre landet langt borte som han aldri skal sjå igjen.

Borgarkrigen nord i Rwanda førte til at nesten 1 mill. hutuar flykta frå heimane sine i 1993. Tidlegare hadde eit stort tal tutsiar flykta, etter blodige samanstøyt mellom tutsi- og hutu-stammane. Presidentane i Rwanda og nabolandet Burundi blei drepne i eit bombeattentat våren 1994. I månedane som fulgte, blei rundt 800 000 menneske, hovedsakeleg tutsiar, massakrert, i følgje CapLex. Sjølv om det blei sett i gang eit rettsoppgjer etter borgerkrigen, har valden fortsett å prege landet.

  • Les meir om flyktningar og asyl hos UDI.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving