- USA i stand til å føre fleire krigar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det amerikanske forsvaret har kapasitet til å føre ein ny krig trass i utplasseringa av soldatar i Irak og Afghanistan, seier forsvarsminister Donald Rumsfeld.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

USA er i stand til å føre ein ny krig trass i utplasseringa av soldatar i Irak og Afghanistan, seier forsvarsminister Donald Rumsfeld. (Foto: REUTERS/SCANPIX)USA er i stand til å føre ein ny krig trass i utplasseringa av soldatar i Irak og Afghanistan, seier forsvarsminister Donald Rumsfeld. (Foto: REUTERS/SCANPIX)

Fallon (NTB-AFP-Reuters):
- Vi er i stand til å ta hand om andre problem der dei måtte oppstå, sa forsvarsministeren til soldatar på ein luftbase i Nevada-ørkenen.

- Det ville vere synd om andre land trudde at fordi vi har 136.000 soldatar i Irak, så er vi ikkje stand til å forsvare landet vårt eller å utføre det vi måtte trenge å gjere, sa Rumsfeld som svar på eit spørsmål om militære moglegheiter i striden rundt Irans atomprogram.

Det amerikanske forsvaret viser no teikn på slitasje etter tre år med krig i Irak. Hæren og marinesoldatane bruker fleire titals milliardar dollar på å reparere og å erstatte utstyr.

Rumsfeld seier likevel at forsvaret allereie har vist evne til å svare på nye utfordringar og delta i nye oppdrag. Som eksempel peikar han på militæret si evakuering av 15.000 personar frå Libanon under krigen i sommar, samt deltaking under naturkatastrofar som orkanen Katrina.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving