Oslo Lufthavn gir ikkje erstatning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo Lufthavn kjem ikkje til å betale erstatning etter dei mange forseinkingane på Gardermoen i sommar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: visitnorway.com)(Foto: visitnorway.com)

(NPK): Flyselskapa førebur no erstatningskrav, men Oslo Lufthavn har ingen planar om å tilby økonomisk kompensasjon, seier informasjonssjef Jo Kobro til NRK.

Grunnen er at det i dag ikkje finst lover eller reglar som skulle tilseie at flyplassen er erstatningsansvarleg.

Det har vore mykje rot på Gardermoen i år. Tusenvis av koffertar forsvann berre i juli etter teknisk svikt i baggasjesystemet. Og nye tryggleiks- rutinar førte også til endelause køar, noko som irriterte mange reisande.

Oslo Lufthavn innrømmer at dei var skuld i forseinkingane, men vil ikkje betale rekninga. No sit flyselskapa med bunkar av erstatningskrav frå misnøgde kundar, opplyser informasjonssjef i Norwegian, Anne Grethe Ellingsen.

SAS Braathens har alt informert Oslo Lufthavn om et tap på ti millionar kroner som kan danne grunnlaget for eit erstatningskrav. Snart er Norwegian ferdig med sitt reknestykke.

Flyselskapa og Oslo Lufthavn diskuterer no om dagens avtale bør endrast. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving