Ingrid Z. Aanestad: «I dag er ein fin dag»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingrid Z. Aanestad debuterer med ei heilt fin bok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


«I dag er ein fin dag»


Ingrid Z. Aanestad
(Oktober Forlag, 2006)

«Maria skulle skrive ned kva personar ho assosierte med ulike fargar, kva dyr ho identifiserte seg med og eit ord ho forbandt med havet. Om havet skreiv Maria «døyvande». Etterpå gjekk dei gjennom svara hennar og vennina forklarte at dei ulike svara representerte ulike ting i livet til Maria.

Den personen ein assosierte med raudt var nokon ein elska, den ein assosierte med kvitt ein sjelevenn. Det ordet ein forbandt med havet skulle seia noko om framtida.»

Ingrid Z. Aanestad debuterer denne hausten. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Ingrid Z. Aanestad debuterer denne hausten. (Foto: Karoline R. Kristiansen)

Maria er kunststudent og bur aleine i byen ho studerer i. Ein dag ser ho ei jente ho meiner er heilt lik seg sjølv, og ho bestemmer seg for å leite etter denne jenta, på same tid som mykje anna også skjer i livet hennar.

Handlinga i «I dag er ein fin dag» kunne ha vore i kva by som helst i verda, det er ikkje gitt nokre hint eller forklaringar på kvar handlinga går føre seg. Dette er ein liten roman om kvardagslege episodar, som kunne ha skjedd i di eiga gate.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Observatørar på to plan


Hovudpersonen Maria er ei ung jente som er mykje aleine. Ho seier minst mogleg og gjer i grunn ikkje så mykje utav seg. Måten boka er skriven på, resulterer i at mykje av handlinga og forteljinga ligg «usagt» mellom linjene. Lesaren blir, som Maria, ein observatør som står utanfor det som skjer.

Denne skrivemåten gjer at lesaren får eit unikt innblikk i kjenslelivet til den lågmælte Maria. Det er her personlegdomen til Maria blir kjend for lesaren, det er her vi forstår grunnane til at ting blir som dei blir.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Likevel er det heile tida noko fjernt over boka. Vi følgjer livet til ei vanleg jente i ein vanleg by. Boka er nærmast ei skildring over hendingsforløpet i kvardagen til Maria. Ho står opp, går på butikken, på biblioteket, et middag og legg seg.

Kulde mellom linjene

Kvifor ser du så sur ut?
Det er ein mann som spør, han går nedover gata og Maria går oppover, Maria ser vekk, ho lèt som om ho ikkje høyrer. Det er ikkje sikkert at spørsmålet er til henne. Men mannen stirer på henne og spør igjen:
Er det fordi du ikkje er vakker?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om Maria har eit stort behov for varme, er det mykje kulde i livet hennar. Den vesle historia minnar meg vagt om klassikaren om «Alberte og Jacob» av Cora Sandel. Der er det óg eit lite, avgrensa område som vert skildra slik som i «I dag er ein fin dag». I begge bøkene er den ytre handlinga kvardagsleg, utan dei store krumspringa.

Og det er ein markant forskjell i historia når ho omhandlar varme. Då har Maria det fint, sjølv om lesaren får inntrykk av at ho er einsam, skjør og forsiktig. Men er ho eigentleg det? «I dag er ein fin dag» er ein stilleståande roman, og sjølv om dette til tider er eit fint verkemiddel for å presentere personen Maria, forventar eg heile tida noko meir som eg diverre ikkje får.

Som lesar ventar ein heile tida på at noko skal skje, at handlinga skal byggje seg opp, utan at dette skjer. Maria er observatøren i romanverda, lesaren er oberservatøren som følgjer med Maria på den vesle hybelen hennar, i den store verda som ho vil finne seg til rette i.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Boka er akkurat som tittelen; fin. Eg blir nysgjerrig og vil gjerne vite meir om Maria. Likevel saknar eg noko som kan halde meg fast, eg vil ha noko meir enn denne svevande kjensla eg fekk under lesinga. «I dag er ein fin dag» skiljer seg ikkje ut i rekkja, og eg er redd for at undringa og livet til Maria glepp fort når eg no er ferdig med boka...

Terningkast tre.

Om forfatteren:

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983. «I dag er ein fin dag» er den første boka hennar.


Kilde: Oktober.no

Her kan du lese fleire

Litteraturanmeldingar


Meir litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur