Rekordmykje båtpromille

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet har aldri tidlegare teke så mange fyllekøyrarar med båt som i sommar. Det viser tal som P4 har henta inn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: sunrise-divers.com)(Foto: sunrise-divers.com)

(NPK): 190 båtførarar er så langt i år tekne for promillekøyring. Det er 50 prosent fleire enn i heile fjor, som også var eit rekordår.

Tala frå politiet er klar tale om utviklinga, trass i at dette er tal som er ventet å stige fordi kontrollverksemda frå i sommer enno ikkje er ferdig registrert.

- Det er skuffande å sjå at folk ikkje tek særleg mykje omsyn til grensa på 0,8. Dei lever i fortida, der vi hadde ei promillegrense på 1,5, seier politibetjent Kjell Reimfjord til P4. Han har snart 30 års erfaring fra politiets båtpatruljar på Sørlandet. Reimfjord opplyser at dei fleste som vert tekne har ein til 1,5 i promille. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving