Satsar på årvist krimseminar i Førde

I slutten av september blir Førde sete for seminaret «Heilt kriminelt - Sunnfjordske krimdagar».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Hallvard Østrem, Nynorsk Pressekontor

Gunnar Staalesen er ein av forfattarane som lanserer ny kriminalroman under Gunnar Staalesen er ein av forfattarane som lanserer ny kriminalroman under "Heilt kriminelt - Sunnfjordske krimdagar" i Førde. (Foto: Trygve Schønfelder, Heilt kriminelt)

Der skal kriminallitteratur og kriminalpolitikk stå i sentrum med fire bokslepp og deltaking av mellom andre forfattarane Edvard Hoem og Gunnar Staalesen og privatetterforskaren Tore Sandberg.

Den 28. september til 1. oktober går krimdagane av stabelen for første gongen i Førde, men går det som arrangøren vil, blir dette eit årvist stemne.

Teater


Jomfruseminaret fell saman med at det er 100 år sidan justismordet på Mikael Hetle og sonen Ole i Sunnfjord, ei historie som Edvard Hoem har skrive teaterstykke om. Etter planen skal stykket setjast opp på Sogn og Fjordane Teater i sesongen 2007-2008.

Justismord


Selja Forlag og forfattaren Gaute Losnegård lanserer under seminaret også ei ny dokumentarbok om Hetle-saka, «Død og pine». Og som ikkje det er nok, skal saka takast opp av mellom andre professor Ståle Eskeland og advokat Cato Schiøtz i eit eige seminar om justismord og rettstryggleik. Fredrik Fasting Torgersen skal fortelje om sine erfaringar, medan Tore Sandberg skal snakke om sakene mot Moen og Liland.

Ny krim


Tre nye kriminalromanar blir lanserte under krimdagane. Gunnar Staalesen slepp sin nye krimroman «Dødens drabanter», med handling lagt til Førde. Atle Hansen og Rune Timberlid kjem også med kvar si kriminalbok. Hansen med «Det kvite pulveret», som er ei krimbok for ungdom, Timberlid med romanen «Deadline».

Under krimdagane blir det også andre typar arrangement som utflukter, bokkaféar og filmframsyningar. Bak seminaret står Reisemål Sunnfjord i samarbeid med mellom andre Sogn og Fjordane Teater. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy