Orangutangar datar på nett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trudde du at grensa for kva ein kan drive med på nettet snart var nådd, får du tru om igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein apepark i Nederland ser no for seg at dei kan bruke Internett til å finne passande livspartnarar for sine orangutangar. Onlinebrudene vil dei hente i Indonesia.

«Singel, raudhåra dame som bur trangt på Borneo søkjer europeisk partnar for kveldskos og turar i skog og mark.» (Foto: lasthome.blogspost.com)«Singel, raudhåra dame som bur trangt på Borneo søkjer europeisk partnar for kveldskos og turar i skog og mark.» (Foto: lasthome.blogspost.com)

Kjærast på skjerm


Det er altså slik at orangutangar frå Nederland og Indonesia skal kunne sjå kvarandre på ein skjerm og så kan dei bruke knappar for å t.d. mate kvarandre.

Og viss det kjemien viser seg å stemme mellom to orangutangar, kan det vere at dei også likar kvarandre når dei får treffe kvarandre «live». Dermed kan dei ha eit godt utgangspunkt for eit langt liv saman.

Vikarierande motiv


Men eigentleg er ikkje dette sett i sving berre av omsyn til kjærleikslivet til orangutangane. Anouk Ballot er talskvinne for Apenheul dyrepark i Nederland, og ho seier til BBC at denne samrøyra mellom Apenheul og orangutangsenteret på den indonesiske delen av Borneo er kjem i gong vel så mykje for å gjere folk merksame på orangutangane og korleis dei har det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dyrevernsaktivistar hevdar nemleg at det naturlege habitatet til orangutangane på Borneo er truga av snauhogst og plantasjedrift, og dei ønskjer at dette web-dateforsøket skal setje lys på dette problemet.

Kanskje datinga vil resultere i at fleire slike småttingar vert fødde. (Foto: homepage.mac.com)Kanskje datinga vil resultere i at fleire slike småttingar vert fødde. (Foto: homepage.mac.com)

Tvilsame ekteskap


Anouk Ballot fortel at orangutangar i Indonesia som har vore fysisk skilde av bur og veggar, har lært seg å kommunisere med kvarandre ved hjelp av speglar. No vonar ho at webkamera og dataskjermar skal verke like godt.

Men eigentleg trur ho ikkje det vil bli så mange euroasiatiske orangutangekteskap i framtida:
- Sjølv om dei likar kvarandre over nettet, er det ikkje berre enkelt å frakte orangutangar mellom Nederland og Indonesia. Men det kan sjølvsagt skje!

Ape-sikkert


Det er enno ei stund til denne nett-datinga kan byrje. Framleis blir det jobba hardt med å rigge til ape-sikre kablar og anna utsyr som trengs for å ha trygge linjer tvers over Europa og Asia, men Apenheul håpar å vere på nett med Borneo innan utgangen av 2007.

Og frå då av kan vel ingen av oss vere sikre på kven me eigentleg chattar med!

Meir om orangutangar og kjærleikslivet deira finn du her!

Dyr er populært stoff du kan lese meir om her og her.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving