Årets bokhaust er i gang!

Det er berre å byrje å glede seg; vi har mange gode bøker i vente.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon


Dei to siste vekene har vore hektiske for bokbransjen. Haustlanseringar med bokslepp frå dei fleste forlaga og påfølgjande forlagsfestar har prega vekene etter fellesferien. I går vart det heile avrunda med den tradisjonelle og ærverdige hagefesten til Aschehoug Forlag i Drammensveien 99.

Årets bokhaust har på førehand blitt omtala som ein av dei beste på lang tid, og etter at haustlistene har vorte presenterte for pressa, kan vi seie oss einige i utsegna.

Det er mange kjende og veletablerte forfattarar som kjem med bøker denne hausten, samstundes som fleire lovande debutantar kjem med sine første bøker og heilt sikkert vil gjere seg gjeldande utover haustmånadane. Det er berre å byrje å glede seg.

Her får du presentert nokre av forfattarane:

Det er nok ikkje kvar dag Norwegian-direktør Bjørn Kjos er på utestaden SKA ved Kunstnerakademiet, der Tiden Forlag presenterte haustlista si med etterfølgande fest. Seinare i haust kjem han ut med krimroman på Tiden Forlag. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Det er nok ikkje kvar dag Norwegian-direktør Bjørn Kjos er på utestaden SKA ved Kunstnerakademiet, der Tiden Forlag presenterte haustlista si med etterfølgande fest. Seinare i haust kjem han ut med krimroman på Tiden Forlag. (Foto: Karoline R. Kristiansen)



Kari Traa gir ut bok om seg sjølv på Damm forlag, til inntekt for SOS-barnebyar. Vi håper at den livlige jenta sel mange bøker. Flott initiativ! (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Kari Traa gir ut bok om seg sjølv på Damm forlag, til inntekt for SOS-barnebyar. Vi håper at den livlige jenta sel mange bøker. Flott initiativ! (Foto: Karoline Riise Kristiansen)


I haust kjem også biografien om Kjetil Andre Aamot. Den inneheld også røvarhistorier om Lasse Kjus, kunne hovudpersonen sjølv fortelje på haustlanseringa til Aschehoug Forlag. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)I haust kjem også biografien om Kjetil Andre Aamot. Den inneheld også røvarhistorier om Lasse Kjus, kunne hovudpersonen sjølv fortelje på haustlanseringa til Aschehoug Forlag. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)


Kjell Magne Bondevik fortel ope om både sitt personlege og politiske liv i biografien som kjem i oktober. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Kjell Magne Bondevik fortel ope om både sitt personlege og politiske liv i biografien som kjem i oktober. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)


Tove Nilsen var ferdig med den nye boka si dagen før haustlanseringa på Oktober Forlag, men hadde litt lyst å gå tilbake til romanen, som handlar om det som skjer rundt ein akkurat no. (Foto: Tove Nilsen)Tove Nilsen var ferdig med den nye boka si dagen før haustlanseringa på Oktober Forlag, men hadde litt lyst å gå tilbake til romanen, som handlar om det som skjer rundt ein akkurat no. (Foto: Tove Nilsen)


Thorvald Steen har allereie rokke å kome ut med ny bok denne hausten. Boka «Vekten av snøkrystaller» blei skamrost av litteraturkritikarar i norsk presse tidlegare i august. (Foto: Sverre B. Graff)Thorvald Steen har allereie rokke å kome ut med ny bok denne hausten. Boka «Vekten av snøkrystaller» blei skamrost av litteraturkritikarar i norsk presse tidlegare i august. (Foto: Sverre B. Graff)


William Nygaard har opna både pressekonferanse og hagefest denne hausten, og er alltid eit ynda objekt for pressa. (Foto: Karoline R. Kristiansen)William Nygaard har opna både pressekonferanse og hagefest denne hausten, og er alltid eit ynda objekt for pressa. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Alle veit kven denne forfattaren er: Anne Karin Elstad kjem med ny bok i haust. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Alle veit kven denne forfattaren er: Anne Karin Elstad kjem med ny bok i haust. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Debutant Frank Lande kjem ut med boka med same namn, «Frank Lande», der han skriv om at broren hans er død. På lanseringa til Tiden Forlag var det nettopp boren til Frank som var med på å framføre ein bit av manus. Han spelte broren Mats, som boka handlar om. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Debutant Frank Lande kjem ut med boka med same namn, «Frank Lande», der han skriv om at broren hans er død. På lanseringa til Tiden Forlag var det nettopp boren til Frank som var med på å framføre ein bit av manus. Han spelte broren Mats, som boka handlar om. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Lars Amund Vaage kjem ut med ny diktsamling på Oktober Forlag denne hausten. Vi gler oss allereie. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Lars Amund Vaage kjem ut med ny diktsamling på Oktober Forlag denne hausten. Vi gler oss allereie. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Og no kjem også biografien om Kong Harald. Tidlegare redaktør for Aftenposten, Per Egil Hegge, har hatt eit nært samarbeid med Kongen, og boka er rikt illustrert med blant anna kongefamilien sine private bilete. Boka kjem ut på Damm Forlag.(Foto: Karoline R. Kristiansen)Og no kjem også biografien om Kong Harald. Tidlegare redaktør for Aftenposten, Per Egil Hegge, har hatt eit nært samarbeid med Kongen, og boka er rikt illustrert med blant anna kongefamilien sine private bilete. Boka kjem ut på Damm Forlag.(Foto: Karoline R. Kristiansen)


Gunnar Wærness las eit dikt frå diktsamlinga si «Hverandres» på haustlanseringa til Oktober Forlag. Samlinga kjem i september. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Gunnar Wærness las eit dikt frå diktsamlinga si «Hverandres» på haustlanseringa til Oktober Forlag. Samlinga kjem i september. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Tre spente Oktober-debutantar. Frå v. Ingrid Z. Aanestad, Ståle Huse og Ellen Grimsmo Foros. (Foto: Karoline R. Kristiansen)Tre spente Oktober-debutantar. Frå v. Ingrid Z. Aanestad, Ståle Huse og Ellen Grimsmo Foros. (Foto: Karoline R. Kristiansen)


Kyrre Andresen fekk publikum i godt humør på haustlanseringa til Gyldendal Forlag då han las frå boka si «Svendsens Catering». Hysterisk moro! (Foto: Sverre B. Graff)Kyrre Andresen fekk publikum i godt humør på haustlanseringa til Gyldendal Forlag då han las frå boka si «Svendsens Catering». Hysterisk moro! (Foto: Sverre B. Graff)


Espen Haavardsholm kjem med boka «Tjue» no i august. I går vann han Aschehougprisen 2006. (Foto: Sverre B. Graff)Espen Haavardsholm kjem med boka «Tjue» no i august. I går vann han Aschehougprisen 2006. (Foto: Sverre B. Graff)


Alltid like blid? Per Inge Torkildsen kjem med bok på Det Norske Samlaget i haust. (Foto: Sverre B. Graff)Alltid like blid? Per Inge Torkildsen kjem med bok på Det Norske Samlaget i haust. (Foto: Sverre B. Graff)


Ragnar Hovland las frå si nye bok som kjem ut på Det Norske Samlaget. Han kunne fortelje at ingen i forlaget så langt hadde høyrt eller sett ei linje av manus! (Foto: Sverre B. Graff)Ragnar Hovland las frå si nye bok som kjem ut på Det Norske Samlaget. Han kunne fortelje at ingen i forlaget så langt hadde høyrt eller sett ei linje av manus! (Foto: Sverre B. Graff)


Leia Starmann er pseudonymet til denne debutanten. På haustlanseringa til Cappelen Forlag møtte den ukjende forfattaren opp i teikneseriedrakt som kattekvinna. (Foto: Sverre B. Graff)Leia Starmann er pseudonymet til denne debutanten. På haustlanseringa til Cappelen Forlag møtte den ukjende forfattaren opp i teikneseriedrakt som kattekvinna. (Foto: Sverre B. Graff)


Kolon Forlag presenterte haustens bøker i Lille Festsal på stilige Bristol Hotell. (Foto: Sverre B. Graff)Kolon Forlag presenterte haustens bøker i Lille Festsal på stilige Bristol Hotell. (Foto: Sverre B. Graff)


Erlend Loe er blitt overtala av ein organist til å skrive bok. Om organisten har rett i sine konspirasjonsteoriar, må verdshistoria skrivast på nytt! (Foto: Sverre B. Graff)Erlend Loe er blitt overtala av ein organist til å skrive bok. Om organisten har rett i sine konspirasjonsteoriar, må verdshistoria skrivast på nytt! (Foto: Sverre B. Graff)


Og det er mange, mange fleire ...

Mer litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatterportrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur

Personvernpolicy