Hizbollah vil ikkje ha Blair på besøk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tony Blair er ikkje velkomen i Libanon, slår ein medlem av Hizbollahs politiske leiing fast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Britane sin statsminister Tony Blair er ikkje velkomen i Libanon, slår Hizbollah fast. (Foto: REUTERS/Chris Pizzello/SCANPIX) Britane sin statsminister Tony Blair er ikkje velkomen i Libanon, slår Hizbollah fast. (Foto: REUTERS/Chris Pizzello/SCANPIX)

London (NTB): Den britiske statsministeren planlegg å besøkje Libanon i løpet av nokre veker, noko Hizbollah kan styre si begeistring for.

- Blair er ikkje velkomen i Libanon. Eg snakkar ikkje berre på vegner av
Hizbollah, men på vegner av heile det libanesiske folket. Dei ønskjer ikkje ein som græt krokodilletårer på besøk, seier Ghaleb Abu Zeinab til The Times.

Han viser til at Blair i likskap med president George W. Bush unnlét å slutte seg til kravet om våpenkvile då dei israelske bombene fall over Libanon.

- Han står opp til øyro i blod frå libanesiske kvinner og barn. Han er ein drapsmann. Han drap ein heil nasjon, ikkje berre enkeltpersonar, seier Zeinab som sit i den sjiamuslimske bevegelsen sitt politbyrå.

- Det vi ser rundt oss er eit resultat av Blairs politikk. Vi ønskjer ikkje å sjå han her, seier Hizbollah-leiaren i intervjuet som fann stad i det utbomba Sør-Beirut. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving