Sola trappar opp aktiviteten
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Den komande solsyklusen er venta å bli opptil 50 prosent sterkare enn den førre.
Det tyder fleire solstormar som kan slå ut satellittar, forstyrre radiosamband og elektriske installasjonar - og som vil gje meir nordlys.
Overgangen frå syklus 23 til 24 vart observert 31. juli då forskarane observerte ein solflekk med eit magnetfelt som var «snudd» i høve til det som har vore regelen i syklus 23. Det går rundt 11 år mellom kvar gong dette skjer, fortel Norsk Romsenter. (NPK)